Gaute Eiterjord () er ein norsk miljøvernar og forfattar. Frå 2018 til 2020 var han leiar for Natur og Ungdom. Han har og vore fylkesleiar i Rogaland NU.
Som miljøvernar har Eiterjord engasjert seg i ei rekke saker, som samferdsel og bybane i Stavanger. I februar 2016 lenka han seg fast til anleggsmaskiner for å stansa prøveboring i det omstridde Engebøprosjektet i Sunnfjord, der særleg sjødeponi i Førdefjorden er omstridd. Eiterjord har òg vore prosjektleiar for «Slepp oss til - ungdom inn i landbruket», som er eit samarbeid mellom Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Bygdeungdomslag og Natur og Ungdom. I 2019 tok han imot Fritt Ords pris på vegner av Natur og Ungdom, saman med Greta Thunberg, for arbeidet deira med å gjere miljøkampen handlingsretta.
I 2022 fekk han prisen Årets nynorskbrukar for å bruke nynorsk i kampen for klimasaker.
I 2020 gav Eiterjord ut boka Klimaopprøret.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gaute Eiterjord» frå , den 22. april 2022.
Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Norske miljøvernarar Kategori:Målfolk