Johann Peter Salomon (døypt 20. februar 1745 i Bonn; i London) var ein tysk fiolinist, komponist og konsertorganisator.
Liv og virke Salomon spelte i ulike tyske hofforkester før han i 1781 flytta til London. Han spelte først i kvartettar, men bygde seg opp som impresario og fekk etterkvart stor tyding for musikklivet i byen.
I 1790 var Salomon i Wien der han gav Joseph Haydn eit lukrativt tilbod som innebar at Haydn oppførte dei nye symfoniane sine med stort orkester i London. Den 58 år gamle Haydn var på det tidspunktet pensjonert etter at Esterhazy sitt hofforkester var blitt nedlagt, så han slo til på tilbodet, noko som viste seg å bli ein stor økonomisk og kunstnarisk suksess for han. Under det fyrste London-opphaldet skreiv og uroppførte Haydn symfoniane nr. 93 til 98, under det andre symfoniane nr. 100 til 104 Alle ber derfor tilnamnet London-symfoniane, men dei siste blir i blant òg kalla Salomon-symfoniene. Nemninga stammar ikkje frå Haydn sjølv.
Salomon var fiolinsolist under uroppføringa av Haydn sin Sinfonia Concertante i B-dur for fiolin, cello, obo og fagott, opus 84, Hob. I:105 (1792), som Haydn skreiv og oppførte under det fyrste London-opphaldet.
Beethoven- og Salomon-familiene var naboar og venner i Bonn. Salomon flytta frå Bonn før Ludwig van Beethoven blei fødd, men dei blei kjende med kvarandre då Salomon vitja heimbyen. I eit brev frå 1815 forhøyrer Beethoven seg med Salomon om han kan formidla kontakt med ein London-forlegger.
Salomon døydde av skadar han fekk etter eit fall frå hest august 1815. Han blei gravlagd i Westminster under stor publikumsdeltaking.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Johann Peter Salomon» frå , den 25. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske komponistar Kategori:Tyske dirigentar Kategori:Tyske fiolinistar Kategori:Kyrkjemusikkomponistar Kategori:Operakomponistar Kategori:Klassisistiske komponistar Kategori:Døde i 1815 Kategori:Fødde i 1745 Kategori:Fødde den 20. februar