Spiranthes aestivalis er ei plante i skrueaksslekta Spiranthes i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg.

Utbreiing S. aestivalis (engelsk namn ) hadde veksestader i New Forest sør i England og på Jersey og Guernsey, men vart sist funne i 1959 og er no rekna som regionalt utdøydd.

I Benelux er arten (nederlandsk namn zomerschroeforchis, fransk namn spiranthe d'été) i Nederland rekna som utdøydd med det siste funnet i 1936. I Belgia er han sist sett i Flandern i 1954 og er ikkje kjend frå Vallonia. Frå 2022 er det i gang eit forsøk på å reintrodusere arten i eit område aust for Eindhoven, der han fanst tidlegare. I den nederlandske raudlista er arten rekna som regionalt utdøydd (RE, verdwenen uit Nederland). I Belgia er han rekna som regionalt utdøydd (RE, regionaal uitgestorven) i Flandern. Arten finst ikkje i Vallonia eller i Luxembourg.

I Tyskland er arten (tysk namn Sommer-Wendelorchis) rekna som sterkt truga (EN, stark gefährdet).

Spiranthes aestivalis er ført opp på Bernkonvensjonen si liste over artar som treng særleg vern.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Skrueaksslekta