Heinattfiol (Platanthera bifolia ssp. bifolia) er ei plante i nattfiolslekta Platanthera i orkidéfamilien (marihandfamilien).
Utsjånad Dei to underartane av nattfiol liknar mykje på kvarandre. Heinattfiol har noko kortare spore enn skognattfiol, slik at han sjeldan stikk ut av akset på den andre sida. Dei fremre kronblada i blomen er ikkje fullt så lange og tynne som hos skognattfiol.
Utbreiing Ettersom inndelinga av nattfiol i to underartar er ganske ny, har dei to underartane ikkje vore registrerte separat tidlegare. Ein gjennomgang av herbariemateriale har vist at heinattfiol lever spreidd rundt i det meste av landet. Dei få funna som er registrerte etter 2010, tyder òg på god spreiing av funna.
I Norsk raudliste for artar (2021) er underarten vurdert som livskraftig (LC).
Underarten finst òg i Sverige (status NT, svensk namn ängsnattviol) og i Danmark (NT, dansk namn bakke-gøgelilje).
På Dei britiske øyane er det ikkje skild mellom underartane. Det er det heller ikkje i Baltikum, i Benelux, i Tyskland eller i Polen.
Hybridar Det er gjort funn av hybridar mellom nattfiol og grov nattfiol (Platanthera bifolia × chlorantha eller Platanthera ×hybrida) i Vestfold, utan at det er klarlagd kva for ein underart av nattfiol som er involvert. Hybriden er truleg oversett. Hybriden med heinattfiol (Platanthera bifolia ssp. bifolia × chlorantha) er registrert fleire stader i det sørlege Sverige, og i Danmark er båe underartane representerte i hybridane. På Dei britiske øyane er hybriden kjend frå spreidde lokalitetar, men det er ikkje skild mellom underartane. Det same gjeld i Estland og Litauen, i Benelux og i Tyskland.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Nattfiolslekta