mini|Dansande mandinkakvinne mini|Mandinkasverd mini|Kart frå 1906 Mandinkafolk (òg mandingo, mandinko, sosa) er ei folkegruppe frå Vest-Afrika. Folk i gruppa reknar seg som genetiske eller kulturelle etterfølgjarar av det gamle kongeriket Mali, som kontrollerte transsaharahandelen frå Maghreb til Vest-Afrika. Tidleg på 1200-talet var det leia av Sundiata Keïta. I det same hundreåret spreidde mandinkaene seg frå det som i moderne tid blei staten Mali og danna eit temmeleg stort rike. Ei seinare mandinka-statsdanning var Kaabu.
Mandinkaene lever stort sett i Gambia, Guinea, Senegal og Mali. Dei utgjer òg eit stort innslag i Guinea-Bissau, Sierra Leone og Burkina Faso. I Sierra Leone tel dei ca. 160 000 personar (2015).Sierra Leone 2015 Population and Housing Census national analytical report. Statistics Sierra Leone, Oktober 2017, s. 89ff.
Det finst også madinkafolk i mindre grad i Mauritania, Elfenbeinskysten og Liberia.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mandinka (folk)» frå , den 19. februar 2022.
Kategori:Afrikanske folkegrupper Kategori:Folkegrupper i Gambia Kategori:Folkegrupper i Guinea Kategori:Folkegrupper i Elfenbeinskysten Kategori:Folkegrupper i Burkina Faso Kategori:Folkegrupper i Niger Kategori:Folkegrupper i Guinea-Bissau Kategori:Folkegrupper i Mauritania Kategori:Folkegrupper i Sierra Leone Kategori:Folkegrupper i Liberia Kategori:Folkegrupper i Senegal Kategori:Folkegrupper i Tsjad Kategori:Mandefolk