Zelda II: The Adventure of Link er eit action-rollespel med plattformelement. Det er det andre spelet i The Legend of Zelda-serien og var utvikla og utgjeve av Nintendo til Family Computer Disk System den 14. januar 1987. Dette er under eit år etter den japanske utgjevinga og sju månader før den nordamerikanske utgjevinga av det første The Legend of Zelda. Zelda II var utgjeve i PAL-regionar og i Nord-Amerika til Nintendo Entertainment System på slutten av 1988, nesten to år etter at det vart utgjeve i Japan.

The Adventure of Link er ein direkte oppfølgjar til det opphavlege The Legend of Zelda, og handlar på ny om protagonisten Link under eit oppdrag for å redda prinsesse Zelda, som har falle i søvne under ein trolldom. Spelet legg vekt på side-scrolling og rollespel, noko som skil det monnaleg frå føregangaren.

Spelet var ein kritisk og kommersiell suksess, og introduserte element som «magimålaren» til Link og figuren Dark Link, som ville koma tilbake i seinare Zelda-spel, sjølv om rollespelelementa ikkje var vorte vidareførte. The Adventure of Link var etterfølgt av The Legend of Zelda: A Link to the Past til Super Nintendo Entertainment System i 1991.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zelda II: The Adventure of Link» frå , den 10. februar 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Action-rollespel Kategori:Dataspel frå 1987 Kategori:Nintendo Entertainment Analysis and Development-spel Kategori:Nintendo Entertainment System-spel Kategori:The Legend of Zelda-spel