«Here I Stand» (norsk: her står eg) er ein popsong frå 2021 som vert framført av den makedonske songaren Vasil Garvanliev. Songen var det makedonske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.

Bakgrunn «Here I Stand» vart internt vald ut av Makedonsk radio og televisjon (MRT) som det makedonske bidraget til Eurovision Song Contest 2021. Songen er komponert av Borche Kuzmanovski, Davor Jordanovski og songaren sjølv, Vasil Garvanliev. Sistnemnde skulle ha delteke i Eurovision Song Contest året før med låten «You», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien.

«Here I Stand» er ifølgje Garvanliev skriven på rappen utan eit spesielt fokus eller mål, midt i «kaoset og kvervelvinden av skuffelse i fjor». Garvanliev meiner songen vart skapt under eit av dei «sjeldne augneblikka der du er åleine med deg sjølv og lèt kjenslene strøyma fritt i sin reinaste form utan sjølvkritikk, fritt og ærleg».

Borche Kuzamovskia frå det Skopje-baserte rockebandet Nokaut og den makedonske musikaren Davor Jordanovski jobba parallelt med arrangementet og produksjonen. Eit symfoniorkester i Skopje bidrog med livemusikk til arrangementet. Bakgrunnsvokalen kom frå tidlegare medlemmar av eit amerikansk barnekor, som Vasil Garvanliev sjølv var medlem i som barn.

Tittelen på songen vart offentleggjord 12. februar, medan songen vart utgjeven på YouTube 11. mars 2021. Han vart sloppen for strøyming og nedlasting dagen etter.

Eurovision Song Contest «Here I Stand» var det makedonske bidraget til Eurovision Song Contest i mai 2021. Nord-Makedonia deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy tysdag 18. mai. Songen fekk 23 poeng og vart nummer 15 av 16 i sin semifinale. Sidan det berre var dei ti beste som kvalifiserte seg til finalen, vart songen slått ut i semifinalen, og «Here I Stand» deltok difor ikkje i finalen laurdag 22. mai.

Strid rundt musikkvideoen Musikkvideoen til «Here I Stand» vart sloppen 11. mars, og vart spela inn i kunstgalleriet Daut pasjin amam i Skopje. Etter utgjevinga vart musikkvideoen møtt med kritikk i Nord-Makedonia. Årsaka var ein kunstgjenstand i galleriet som i videoen kunne sjå ut som ei etterlikning av flagget til nabolandet Bulgaria. Garvanliev har bulgarsk statsborgarskap på grunn av den bulgarske bestemora si. Kritikken gjekk på at Garvanliev bevisst hadde teke med det bulgarske flagget på videoen, og presset frå offentlegheita gjorde at makedonsk fjernsyn redigerte bort kunstgjenstanden frå videoen. I eit intervju med den makedonske avisa Sloboden Petsjat understreka Garvanliev at kunstverket ikkje hadde nokon «kjend tilknyting til det bulgarske flagget» og avviste tiltalene om at han bevisst hadde brukt kunstverket for å fremje Bulgaria.

Utgjevingshistorikk RegionDatoFormatMerkeRef.Diverse11. mars 2021YouTubeMegaforceDiverse12. mars 2021Digital nedlasting, strøyming

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Here I Stand» frå , den 17. desember 2021.

Kategori:Makedonske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar