«Empires» (norsk 'imperium') er ein popballade frå 2020 med den polske artisten Alicja Szemplińska. Songen vann den polske musikktevlinga Szansa na sukces sundag 23. februar 2020 og vart det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.

Om songen «Empires» er komponert av Patryk Kumór, Dominic Buczkowski-Wojtaszek, Frazer Mac og Laurell Barker. Han var originalsongen som Szemplińska deltok med under finalen av Szansa na sukces på tv-kanalen TVP2 sundag 23. februar 2020. I avrøystinga var «Empires» favoritten hos juryen og sjåarane, og han vann tevlinga samanlagt.

Eurovision Song Contest Som vinnar av den polske finalen skulle «Empires» ha vore det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2020. I januar 2020 vart Polen trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen var planlagd arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 14. mai. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19. Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Empires (Alicja Szemplińska-sang)» frå , den 16. desember 2021.

Kategori:Polske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar