Julie Dahle Aagård () er ein norsk songar, utdanna songpedagog ved Jazzlinja ved NTNU i 2002.Julie Dahle Aagård; nrk.no, 3.11.2003
Ho har òg vore aktiv i scenefaget, først i sin eigen kabaret, Julie, heilt ålein (1998), seinare i Lady Arbuthnott på Sunndalsøra, Mack & Mabel på Hedmark Teater og Havet legg aldri stilt (Norveg). Ho hadde hovudrolle på Det Norske Teatret i oppsetninga Piaf (2005) og i juni 2010 som trælen Anna i det historiske spelet Håkon og Kark (Korsvikaspillet) på Lade i Trondheim.
Første musikkutgjevinga hennar var soloplata Det klaraste lyset, laga av Åge Aleksandersen, og urframført under ski-VM 1997 i Trondheim (Norske Gram, 1997). Ho gav òg ut Goodnight stranger (Jo Vestly Produksjon, 2001). Ho har vore med i banda Gutvik 5, Cannonballs og Reggae Kings. Ho var frontfigur i kvintetten Subtonic frå 2003, der tekstane hennar er med på utgjevinga In this house. I nokre år har ho turnert med Trondheim Voices. I 2009 kom ho ut med albumet Stumpin' Feet som vart nominert til Spellemannprisen 2009 i kategorien kvinneleg artist.Ville gjemme seg etter spellemannominasjonen; adressa.no, 5.5.2015 Julie på dialekt strålende mottatt ; Flatangernytt, 10.5.2015
Utgjevingar
Det klaraste lyset, 1997 Stompin' Feet (2009) Lauvet (2015)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Julie Dahle Aagård» frå , den 19. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Flatanger Kategori:Norske musikarar