«Myzsterious Mizster Jones» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1985 som den tredje singelen frå det tolvte studioalbumet deira Rogues Gallery. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter. Han nådde 50. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i fem veker.

B-sida til singelen, «Mama Nature Is a Rocker», var eksklusiv for singelen og kom seinare ut på samlealbumet B-Sides. på 12"-versjonen vart det gjeve ut ein lengre versjon av «Myzsterious Mizster Jones» på A-sida og ei andre B-side, «My Oh My (Piano & Vocal)», vart inkludert.

I Storbritannia vart det òg gjeve ut ein avgrensa 7"-biletplate-utgåve. I Frankrike vart singelen berre gjeven ut som ein promosingel med «All Join Hands» som B-side.

Det vart filma ein musikkvideo til songen, regissert av Phillip Davey. Lea skildra videoen i 1986 som favoritten hans blant Slade-videoane, og syner bandet som gangsterar i eit lager, der dei produserer ulovleg whiskey.

Format 7"-singel «Myzsterious Mizster Jones» - 3:37 «Mama Nature is a Rocker» - 2:52

7" biletplate «Myzsterious Mizster Jones» - 3:37 «Mama Nature is a Rocker» - 2:52

12"-singel «Myzsterious Mizster Jones (Extended Version)» - 4:47 «Mama Nature is a Rocker» - 2:52 «My Oh My (Piano & Vocal Version)» - 3:11

7"-singel (French Jukebox-utgåve) «Myzsterious Mizster Jones» - 3:37 «All Join Hands» - 4:16

Salslister Liste (1985)PlasseringUK Singles Chart50

Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal Jim Lea - bass, synthesiser, korvokal, produsent på «Mama Nature Is a Rocker» og «My Oh My (Piano & Vocal)», arrangør Dave Hill - sologitar, korvokal Don Powell - trommer

Andre medverkande John Punter - produsent på «Myzsterious Mizster Jones» Green Ink - design Alan Ballard - fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Myzsterious Mizster Jones» frå , den 20. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Slade-songar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Elektroniske rockesongar Kategori:Songar produserte av John Punter