mini|Tandoromn bygd ned i bakken i Lar nasjonalpark i Iran. Steikeomn eller bakaromn er ein omn ein kan bruka til steiking, baking eller grilling av mat. Slike omnar finst i ei rekkje materiale og utformingar, og kan nytta ulike oppvarmingsmåtar, som eld frå ved, kol eller naturgass, eller elektrisk energi. Omnar kan brukast til å laga ulike typar mat som bakverk, steik eller grateng.
Historie mini|Bakaromn i Pompeii Tidlege omnar blei hovudsakleg laga av stein eller leire. Med den enklaste forma tente ein eld inne i omsrommet og tok ut brenselet før ein let maten koka i varmen som var att. Meir kompliserte omnar hadde ulike rom for brensle og mat, slik at ein kunne regulera varmen betre.
Utgravingar frå Indusdalkulturen har funne døme på mursteinsomnar med eitt rom av same type som tandoromnar som er kjende frå seinare tid. Tidlege egyptiske omnar var sylinderforma med smalnande toppar, laga av leire frå Nilen. Inni var dei delte i to med eit eldrom nedst og eit bakerom øvst. Deig som skulle steikast blei sett i bakerommet gjennom eit hol i toppen.
I Europa i mellomalderen kunne ein ha kommunale omnar der folk på staden leverte brød til steiking. I Noreg kunne større gardar ha eldhus eller bryggarhus med bakaromn, medan ein på mindre gardar steikte i gruer og på takke. Bakaromnar blei vanlegare på Sørlandet og Austlandet frå rundt 1700. Frå midten av 1800-talet kunne mindre bruk laga ein eigen bakaromn utandørs om dei ikkje hadde eige bryggarhus.
Etterkvart blei det vanlegare med omnar som del av ein komfyr som ein også kunne steika oppå. Desse kunne lagast av støypejarn og etterkvart stål. Vedkomfyrar med steikeomn blei fyrst utvikla på byrjinga av 1800-talet. Med desse hadde ein betre kontroll på varmen enn før. I slutten av hundreåret blei det vanleg å ta i bruk gass i byane, og frå rundt 1900 kunne ein også bruka elektrisitet. I løpet av 1900-talet tok omnar ein varma opp elektrisk eller med gass i stor grad over frå ved- og kolomnar. Utvikling av omnar med termostat og ulike innstillingar for temperatur og vifte gav brukaren endå betre kontroll.https://foodcrumbles.com/oven-history/
Store industrielle steikeomnar blei utvikla frå slutten av 1800-talet. Slike omnar hadde oppvarmingsrom som blei varma med kol eller damp, og bakerom som var skilde frå dampen og røyken. Desse kunne baka store mengder bakverk effektivt og utan avbrot.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Litteratur
Kategori:Matlaging Kategori:Omnar Kategori:Steiking Kategori:Baking Kategori:Kjøkenutstyr
de:Backofen