mini|Kaffilag hjå Bina Eriksen i 1911. mini|Tvillingsystrene Astri og Randi Schie har kaffilag i stova si i 1989. mini|Sjakkspelaren Emil Eikner, skodespelar og prinsesse Marianne Bernadotte og Solveig Bergström i kaffiselskap i Stockholm i 2016.
Kaffilag eller kaffiselskap er ei sosial samling der ein mellom anna drikk kaffi. Ein kan også servera mat til, såkalla kaffimat, som ulike typar bakverk.
Kaffilag kan ha ulike namn etter kva føremål ved dei ein legg vekt på. Namn som kaffidrøs, kaffikos, og kaffislabberas legg vekt på det sosiale ved laget. Kyrkjekaffi og bedehuskaffi viser til samanhengen der ein serverer kaffi og tilbehøyr. Ein kan også be folk «til kaffi» eller til «kaffi og kaker». Ulike tradisjonar
Kaffemik Kaffemik er ein festtradisjon frå Grønland. Han kan samanliknast med eit ope hus med kaffi, der kvar gjest blir ei stund, og deretter går for å gje plass til nye gjester. Ein kan òg koma tilbake litt seinare, når straumen av vitjande har minka. Heile tilstellinga kan vara i fleire timar, når heile befolkninga i området byter på å vitja. Det er vanleg å ha kaffemik i samband med bursdagar, dåp og andre høgtidar.
«Mik» er eit grønlandsk ord for sosial samkome.
Kafferep Kafferep er ei svensk form for kaffilag som ein kan ha for seg eller i samband med bryllaup, gravferder og liknande. I tillegg til kaffi blir det tradisjonelt servert sju slag kaker. Opphavet til etterleddet -rep er uklart. Ein har spekulert i at det kan koma frå repartisera, ’dela på kostnadane’, der kafferepet opphavleg skal ha vore eit spleiselag.
Samkoma fekk eit gjennombrot på 1930-talet, og var også populære på 1940-talet. Populariteten gjekk så tilbake, før ein fatta ny interesse for skikken etter år 2000. Kafferep var ein av få sosiale aktiviteter kvinner hadde til å treffa kvarandre utan menn og barn.
Ei typisk servering frå 1930-talet var det knytt fleire retningsliner til korleis ein heldt kafferep. Det var viktig å ha ein vakker blondeduk på bordet. Denne låg ofte oppå ein farga underduk. Ein åt kaffimaten i ei viss rekkjefølgje, til skilnad frå ein kakebuffet der rekkjefølgja er valfri. Rekkjefølgja var bestemt av konsistensen, sødma og storleiken til bakverk. Den tradisjonelle rekkjefølgja var:
Kveitebrød (bolle eller mindre brød, längd) Lyst sukkerbrød Mørkt sukkerbrød Lys, tørr småkake Mørk, tørr småkake Fylt småkake Bakelse (ofte med mandelmasse i, alternativt ei toscakake)
Deretter kunne ein ha ei valfri forseggjort kake.
Sjå òg Sjokoladeselskap Teselskap
Kjelder
Søk på kaffi i Nynorskordboka
Denne artikkelen bygger på «Kaffemik» frå , den 16. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Dansk Wikipedia
Denne artikkelen bygger på «Kafferep» frå , den 16. oktober 2021.
Kategori:Kaffikultur Kategori:Festar