«Love Is Lost» er ein song av den engelske musikaren David Bowie frå albumet hans The Next Day frå 2013. James Murphy laga «Hello Steve Reich Mix for the DFA» som kom ut som den femte singelen frå albumet for å marknadsføre The Next Day Extra, ei spesialutgåve med bonusspor, remiksar og musikkvideoar. Remiks-versjonen av songen inneheld samplingar frå ei ny innspeling av Steve Reich-stykket Clapping Music i 1972 framført av Murphy og tre andre musikarar, pluss ein sample frå «Ashes to Ashes», Bowie sin hit frå 1980.

Utgjeving Singelen er ein redigert versjon av remiksen til James Murphy frå LCD Soundsystem.

Bowie debuterte videoen på Mercurypris-utdelinga den 30. oktober 2013, der The Next Day var på lista for årets album.

Ein 12" avgrensa utgåve på kvit vinyl kom ut 16. desember, som inkluderte remiksen av James Murphy og Venetian Mix av «I'd Rather Be High» (òg frå The Next Day), ein song som vart nytta i Louis Vuitton-reklamen «Voyage», der Bowie sjølv hadde ei rolle.

Det vart laga ein antikrigsvideo for «I'd Rather Be High» i november.

Musikkvideo

Bowie skreiv og redigerte ein musikkvideo sjølv til ein kostnad av 12,99 amerikanske dollar for ein minnepinne han måtte kjøpe til å lagre videoen på. Han fekk hjelp av fotografen Jimmy King og den mangeårige personlege assistenten Corinne «Coco» Schwab. Heile videoen vart filma av Bowie i leilegheita hans på Manhattan helga før han vart lagt ut på Internett. Tredukkene av Pierrot og The Thin White Duke vart laga av Jim Henson's Creature Shop for ein uferdig og ikkje utgjeven musikkvideo for «The Pretty Things Are Going to Hell».

Barnaby Roper regisserte videoen for 10-minuttarsremiksen.

Innhald ISO/Columbia — 44–102199

Medverkande David Bowie – solovokal, organ Sterling Campbell – trommer Gail Ann Dorsey – bassgitar, korvokal Gerry Leonard – gitar James Murphy, Matthew Thornley, Hisham Bharoocha og Jordan Hebert - «klapperefreng» (remix-versjonar)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Love Is Lost» frå , den 24. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 2013 Kategori:Songar frå 2013 Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Gothic rock-songar Kategori:Britiske psykedelisk rock-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Bowie