Morten Berglia () er ein norsk tidlegare orienteringsløpar frå Hokksund i Buskerud. Han vart verdsmeister i 1983 og vann også gullmedaljar i stafett med Noregs mannskap i 1983, 1985 og 1987. Elles vart han noregsmeister på klassisk-distansen i 1981 og 1983, samt nordisk meister i stafett 1982, 1984, 1986. Berglia var medlem i Eiker Orienteringslag.
Kjelder Morten Berglia i Store norske leksikon
Kategori:Norske orienteringsløparar Kategori:Verdsmeistrar i orientering Kategori:Noregsmeistrar i orientering Kategori:Kongepokalvinnarar i orientering Kategori:Folk frå Øvre Eiker