Gitega (òg skrive Kitega) er hovudstaden i Burundi, og ein av dei største byane i landet (nest størst ifølgje folketeljinga i 2008). Gitega ligg midt i Burundi, på sentralsletta i landet drygt 60 km austom den tidlegare hovudstaden Bujumbura.
Gitega var hovudstad i kongedømet Burundi fram til landet blei republikk i 1966. I slutten av desember 2018 kunngjorde president Pierre Nkurunziza at regjeringa ville flytta møta sine til Gitega, og at byen ville gjenoppta rolla si som politisk hovudstad, medan Bujumbura ville halda fram som handelssentrum. Nasjonalforsamlinga i Burundi godkjende vedtaket 16. januar 2019, og ein representant i nasjonalforsamlinga uttalte at alle statsmakter ville ha flytta innan 2022.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gitega» frå , den 31. juli 2021.
Kategori:Byar i Burundi Kategori:Hovudstader i Afrika Kategori:29°E Kategori:3°S