«Windswept» er ein song framført av Bryan Ferry, solovokalist i Roxy Music. Songen var den tredje og siste singelen frå albumet Boys and Girls, utgjeven i 1985. I motsetnad til dei tidlegare singlane frå albumet, nådde han ikkje topp 40 på den britiske singellista.

David Gilmour, på den tida gitarist i Pink Floyd, speler på songen. Ein instrumental versjon av songen er gjeven ut som B-side til singelen «Is Your Love Strong Enough?» frå Ridley Scott-filmen Legend.

Den britiske versjonen av singelen har fire spor, og dei tre B-sidene er alle unytta opptak frå innspelinga av albumet The Bride Stripped Bare. Desse er det originale sporet «Broken Wings» og coverversjonane av «Crazy Love» (av Van Morrison) og «Feel the Need» (av Detroit Emeralds).

Den franske modellen Laurence Treil er med i musikkvideoen, som vart regissert av Derek Jarman.

Salslister Singlar ÅrSingelListePlassering1985«Windswept»Irish Singles Chart29UK Singles Chart46

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Windswept (song)» frå , den 23. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Bryan Ferry-songar Kategori:Songar skrivne av Bryan Ferry Kategori:Songar frå 1985