«I Love to Boogie» er ein song av det engelske rockebandet T. Rex. Han vart spelt inn i mai 1976 og gjeven ut på singel i juni same året på EMI. Året etter kom han ut på det siste studioalbumet til T. Rex, Dandy in the Underworld. B-sida til singelen var «Baby Boomerang», henta frå eit tidlegare T. Rex-album, The Slider (1972).
Innspeling «I Love to Boogie» vart spelt inn og miksa i løpet av same dagen av lydteknikaren Ian Maidman i Decibel Studio i Stamford Hill, London.
Utgjeving Songen låg i alt ni veker inne på singellista i Storbritannia og nådde 13. plassen.
Songen var kontroversiell då han kom ut, fordi han likna på Webb Pierce sin «Teenage Boogie», som fekk rockabillies til å brenne eksemplar av singelen utafor ein pub i Old Kent Road i South East London. DJ Geoff Barker klaga over at «Songane er så like at det ikkje kan vere tilfeldig.» Då forlaget til Pierce kontakta kontoret til Bolan, hyrte manageren til Bolan, Tony Howard, ein musikkforskar til å analysere begge songane. Musikkforskaren skreiv at «Teenage Boogie» var i seg sjølv basert på eit riff som hadde eksistert lenge før den songen vart skriven.
«I Love to Boogie» er blant dei mest kjende songane til T. Rex og ein av dei mest populære hittane.
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «I Love to Boogie» frå , den 16. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:T. Rex-songar Kategori:Songar skrivne av Marc Bolan Kategori:Songar produserte av Marc Bolan Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Songar om dansing