Santiago Lamela Tobío (), kjend som Yago Lamela, var ein spansk lengdehoppar, fødd og død i Avilés. Han vann VM-sølv 1999, EM-bronse 2002 og VM-bronse 2003.
Aktiv Lamela hoppa seg inn i verdseliten i 1999. I hall-verdsmeisterskapen i Maebashi gav han den kubanske verdseinaren Iván Pedroso hard kamp om sigeren. I tevlinga forbetra Lamela forbetra den spanske innandørsrekorden til 8,42 m, før han i sitt siste forsøk sette europarekord med 8,56 meter. Pedroso svarte med 8,62 m i det aller siste hoppet og tok sin fjerde internasjonale tittel i rad. Den 24. juni i Torino sette Lamela spansk rekord med 8,56 meter. Under verdsmeisterskapen i Sevilla i august tok Lamela leiinga. Pedroso trådde til med 8,56 meter og vart verdsmeister for tredje gong i rad. Lamela hoppa 8,40 m i det fjerde forsøket og kneip sølvmedaljen.
Etter eit par heller svake år kom Lamela i 2002 tilbake med 8,17 meter i den europeiske hallmeisterskapen i Wien, og vart nummer to bakom landsmannen Raúl Fernández. Under Friidretts-EM 2002 i München fekk Lamela bronsen med eit hopp på 7,99 m, slått av Oleksij Lukasjevytsj frå Ukraina og Siniša Ergotić frå Kroatia. I Hall-VM 2003 vart Lamela andremann med 8,28 m, ein centimeter bakom Dwight Phillips frå USA. Under verdsmeisterskapen i Paris sigra Phillips framom James Beckford frå Jamaica, Lamela kom på bronseplass med eit bestehopp på 8,22 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1998 i Budapest: Nr 8 – 7,93 m VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje – 8,40 m, bakom Iván Pedroso (8,56 m) OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (7,89m=nr 19) EM 2002 i München: Bronsemedalje – 7,99 m VM 2003 i Paris: Bronsemedalje – 8,22 m OL 2004 i Aten: Nr 11 – 7,98 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yago Lamela» frå , den 5. juli 2021.
World Athletics
Kategori:Spanske lengdehopparar Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004