mini|Lyddøme
The Sailor's Hornpipe (også kjend som The College Hornpipe and Jack's the Lad) er ein tradisjonell hornpipe-melodi and tilknytt dans med opphav i den britiske marinen, Royal Navy.
Historie Den vanlege melodien for denne dansen blei fyrst trykt som «College Hornpipe» i 1797 eller 1798 av J. Dale i London. Han finst i manuskriptsamlingar som er eldre enne dette – til dømes ein synkopert versjon i William Vickers-manuskriptet frå Tyneside, som er datert til 1770. Dansen framstiller livet og pliktene til ein sjømann på eit skip. Sidan dansen ikkje krev stor plass til å framførast, og kan dansast utan ein partner, var han utbreidd ombord på skip.
Samuel Pepys omtalte dansen i dagboka si som «The Jig of the Ship», og kaptein Cook gav ordre til mennene sine om å dansa hornpipe for å halda dei i form. Dansen blei mindre vanleg på skip då ein slutta å ha felespelarar som del av mannskapet.
I drama for scena var det frå rundt 1500-talet av vanleg å ha med ein dans knytt til havet, eller ein sea dance. Frå 1800-talet blei den kjende forma av sailors' hornpipe innført. Arbeidsoppgåver på skip, som å dra i reip, roing, klatring i rigging og honnørhelsingar danna grunnlaget for danserørslene.
Under tradisjonskonserten Last Night of the Proms i London, der melodien blir spelt som del av Henry Wood sin Fantasia on British Sea Songs, kan publikum ha med seg små tåkelurar og fløyter som dei bles i til musikken, slik at han får ein støyande, frenetisk finale når han når sitt raskaste.
Melodien blei brukt i teiknefilmar av Popeye (Skippern) frå byrjinga av 1930-talet, som regel som den fyrste delen av opningsmelodien, som deretter gjekk over til ein instrumentalversjon av «I'm Popeye the Sailor Man».
Innspelingar Songen har blitt spelt inn av:
Mike Oldfield på Tubular Bells (1973) og Tubular Bells 2003 (2003) Achim Reichel som «Piratentanz» på Klabautermann (1977) Yo-Yo Ma, Edgar Meyer og Mark O'Connor på Appalachia Waltz (1996) Carlos Núñez på Cinema Do Mar (2005) Broadside Electric på Black-edged Visiting Card The Spotnicks som «Bach Goes to Sea» i 1963 The Tornados som «Popeye Twist» i 1962
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Sailor's Hornpipe» frå , den 21. mai 2021.
Kategori:Songar om dansing Kategori:Engelsk folkemusikk