Jan Henry Keskitalo () er ein norsk samisk pedagog og politikar frå Kautokeino.

Liv og virke Han vart uteksaminert som lærar frå Tromsø lærerskole i 1968, tok spesialpedagogikk ved Statens spesiallærerskole 1971–1973 og embetseksamen i spesialpedagogikk ved same skole i 1984. I perioden mellom 1968 og 1974 arbeidde som lærar og seinare spesialpedagog ved grunnskolen i Kautokeino. Deretter arbeidde han ved lærarutdanninga i Alta til han vart konsulent ved Samisk utdanningsråd 1977–1985. Deretter var han undervisningsleiar for samiske studium ved Alta lærarhøgskole fram til Samisk høgskole vart oppretta i 1989. Der var han den første rektoren, fram til 1996. Etter det arbeidde han som dosent i pedagogikk ved Samisk høgskole. Han var også visepresident for urfolkssaker i nettverket University of the Arctic.

Keskitalo var vararepresentant til Stortinget for Høgre i perioden 1969–1973. Tidleg på 1970-talet var Keskitalo også sentral i arbeidet for å utvikle eigne samiske forskings- og utdanningsinstusjonar. Han har også vore medlem av den norske UNESCO-kommisjonen.

I april 2026 vart Keskitalo utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen «for hans innsats for utdanningssystem for urfolk».

Keskitalo er far til Aili Keskitalo.

Bibliografi (utval) Keskitalo, Jan Henry 1984: Samisk grunnskole på norske premisser? Forsøksnytt 1984 nr. 15.

Kjelder

skuvla.info sin biografi for Jan Henry Keskitalo Stortingets biografi for Jan Henry Keskitalo

Kategori:Norske politikarar Kategori:Samiske politikarar Kategori:Norske pedagogar Kategori:Samiske pedagogar Kategori:Rektorar ved Samisk høgskole