Vivian Alexander Anderson () er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Nottingham. Han var høgreback på det store Nottingham Forest-laget som vann den engelske ligaen 1978 og europacupen to gongar. Anderson er historisk etter som han var den fyrste svarte fotballspelaren som spelte på England sitt landslag.
Karriere Klubbspel Anderson ligadebuterte i andredivisjon i 1975 og var med om å rykke opp til 1. divisjon våren 1977. Eitt år seinare stod han og lagkameratane att som engelske ligameistrar og vinnarar av ligacupen 1978. Våren 1979 lukkast Nottingham Forest å vinne ligacupen på ny, for så å slå Malmö FF i europacupfinalen. 28. mai 1980 forsvarte Anderson og laget topplassen i europacupen ved å vinne over Hamburger SV på Santiago Bernabéu i Madrid. Sommaren 1984 vart han overført til Arsenal FC mot 220 000 pund. Med laget frå London vann han ligacupen 1987 etter 2-1 over Liverpool FC. Same året flytta han til Manchester United mot 250 000 pund, der han etter kvart hamna utanfor fyrstelaget og i januar 1991 fekk fripass til Sheffield Wednesday. Anderson bidrog til at klubben rykte opp i 1. divisjon og hevda seg godt i toppserien dei neste to sesongane. Sesongane 1993 til -95 tente han Barnsley og sist Middlesbrough.
Landslagsspel Den 29. november 1978, i ein landskamp mot Tsjekkoslovakia på Wembley stadion i London, vart Anderson den fyrste svarte spelaren som aksla den engelske landslagsstrøya. Fram til mai 1988 deltok han i 30 kampar og skåra 2 landslagsmål. Han spelte for England under EM i fotball 1980, men var benkeslitar under verdsmeisterskapane 1982 og 1986.
Merittar Vinnar av europacupen: 1979, 1980 med Nottingham Forest Engelsk ligameister: 1978 med Nottingham Forest Engelsk ligacupmeister: 1979 med Nottingham Forest og 1987 med Arsenal FC Engelsk FA-cupmeister: 1990 med Manchester United
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Viv Anderson» frå , den 23. april 2021. eu-football
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Nottingham Forest-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Sheffield Wednesday-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988