Amir Kabir-dammen (persisk سد امیر کبیر) òg kalla Karaj-dammen er ei demning i Karajelva sentralt i Alborzfjella nord i Iran.

Demninga ligg 63 km nordvest for Teheran og 23 km nord for Karaj. Amir Kabir-dammen var den første fleirbruksdemninga i Iran.City of Karaj information network

Bygginga av demninga byrja i 1957 av Morrison-Knudsen Co. og stod ferdig i 1961.

Demninga er 180 meter høg og er 390 meter lang på toppen. Den årlege vasstilførsla i reservoaret er 472 millionar kubikkmeter. Den totale kapasiteten til reservoaret er 202 millionar kubikkmeter. Normalt vassnivå er 1610 meter over havet, men ved låg vassføring kan det tappast ned til 1545 meter over havet.Optimization of reservoir volume of the Amirkabir dam by yield mode, by Arash Adib and Ali Reza Mohammadi Majd

mini|venstre|Amir Kabir-demninga Amir Kabir-dammen vart bygt som vasskjelde for Teheran og jordbruket i Karaj. Seinare vart det lagt til eit vasskraftverk med ein kapasitet på 90 megawatt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Amir Kabir dam» frå , den 11. april 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Demningar i Iran Kategori:Alborzfjella Kategori:Vasskraftverk i Iran Kategori:Vassreservoar i Iran Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1961 Kategori:1961 i Iran