Albert Schweitzer () var ein tysk teolog, musikar, filosof og lækjar. Han vart fødd i Kaysersberg i Alsace (tysk Elsass) i det noverande Frankrike. I 1953 mottok Schweitzer Nobels fredspris for 1952, hovudsakleg for sitt arbeid som lækjar i Afrika.

mini|venstre|Albert Schweitzer. Gravering av Arthur William Heintzelman.

Musikaren Schweitzer Schweitzer var mellom dei mest vidgjetne organistane i Europa på fyrste halvdelen av 1900-talet. Han hadde lært orgelspel hjå Charles-Marie Widor i Paris, og gjorde seg merka som tolkar av Johann Sebastian Bach sin orgelmusikk. Som musikkforskar vart Schweitzer vidkjend for tobindsverket Johann Sebastian Bach, som kom i 1908.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske organistar Kategori:Tyske filosofar Kategori:Tyske teologar Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris Kategori:Tyske nobelprisvinnarar Kategori:Bibelforskarar Kategori:Franske nobelprisvinnarar Kategori:Franske legar Kategori:Tyske legar