Viktorija Georgieva (), best kjend under artistnamnet Victoria, er ein bulgarsk songar og låtskrivar. Ho innleia ein profesjonell musikarkarriere etter å ha delteke i fjerde sesong av X Factor Bulgaria. Georgieva skulle ha representert Bulgaria i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam med songen «Tears Getting Sober». Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020. Ho fekk i staden representere Bulgaria i tevlinga i 2021 med songen «Growing Up Is Getting Old».
Karriere Georgieva vart fødd i Varna i Bulgaria. Ho starta å synga som elleveåring, og etter kort tid byrja ho i vokalstudioet «Angel Voices», der ho hadde Atanaska Liptsjeva som songlærar. Georgijeva deltok i auditionrundane i dei tre fyrste sesongane av X Factor Bulgaria, men gjekk aldri vidare – mykje på grunn av sin unge alder. I 2015, etter tre forsøk, gjekk ho vidare til finalerundane. Ho vart slått ut i veke 9.
Trass i at ho ikkje vann X Factor Bulgaria, fekk Georgieva eit tilbod frå Virginia Records, som ho avslo. Men ho signerte for Monte Music i 2016, og 10. juni 2016 slapp ho sin fyrste singel, «Nisjto slutsjajno» med artistane VenZy og Niki Bakalov.И Вики от "Х Фактор" се присъедини към лейбъла на Графа Ho slapp sin fyrste engelskspråklege singel, «I Wanna Know» i 2019, og hennar debutalbum er planlagt utgjeve i 2020.
I november 2019 kunngjorde den bulgarske kringkastaren Bălgarska natsionalna televizija (BNT) at Georgieva skulle representere Bulgaria i Eurovision Song Contest 2020 i Nederland. Songen hennar, «Tears Getting Sober», vart offentleggjort mars 2020. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19. BNT vedtok same vår at Victoria i staden skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2021, men med songen «Growing Up Is Getting Old».
Diskografi
EP-ar TittelDetaljarA Little Dramatic Utgjeven: 26. februar 2021 Merke: Ligna Studios Format: Digital nedlasting, strøyming
Singlar TittelÅrHøgastelisteplasseringAlbumBUL«Nisjto slutsjajno» (med Niki Bakalov og VenZy)2016— rowspan="8" «Nezavarsjen roman»15«Tsjast ot men»201728«Stranni vremena»201828«I Wanna Know»2019—«Tears Getting Sober»20202«Alright.»–«Ugly Cry»–«Growing Up Is Getting Old»2021A Little Dramatic«—» angjev at songen ikkje vart utgjeven eller nådde lista.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Viktorija Georgieva» frå , den 31. mars 2021.
Kategori:Folk frå Varna Kategori:Bulgarske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Bulgarske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-låtskrivarar