mini|Sett frå Eilert Sundts gate President Harbitz' gate er ei gate på Uranienborg på Frogner og Briskeby i Oslo. Ho byrjar i Skovveien og går i nordvestleg retning før ho endar i Eilert Sundts gate. Delar av gata er einvegsskøyrd i motsett retning.

Gata har namn etter stortingspresident Georg Prahl Harbitz. Ho fekk namnet «Harbitz' gate» i 1891, før dette blei endra til den noverande namneforma i 1952. Opparbeidinga skjedde stykkevis og delt. Vestre del av gateløpet går gjennom sørlege del av Briskeby, der det tidlegare var trehusbusetnad. Noko av denne blei riven i 1930-åra for å gje plass til den store blokka på oversida av vegen.

Bygningar NrBileteSkildring1 President Harbitz ' gate 1|100px|bottomBygard (ark. Carl Konopka) byggemeld i 1894 for J. Hansen. Fire etasjar med pussa fasade.Arkitektur og historie i Oslo2 President Harbitz ' gate 2|100px|bottomBygard (ark. Carl Konopka) byggemeld i 1894 for Carl og Søren Pedersen. Fire etasjar med pussa fasade.3 President Harbitz' gate 3|100px|bottomVinkelforma bygning i tre etasjar og taketasje. Oppført 1908 ved arkitekt Henrik Nissen, fasade med rappa tegl. Bygningen tilhøyrde tidlegare Frogner vidaregåande skule, og er sidan 1991 ein del av Hartvig Nissens skule.4 President Harbitz' gate 4|100px|bottomVilla Klevstuen. Murvilla i nyrenessanse oppført 1904 ved arkitekt Peter Lauritz Lowzow. Under andre verdskrig var bygningen brukt av okkupasjonsmakta som innkvartering og kasino for tyske marineoffiserar. Restauranten Le Canard heldt til her frå 1991. Etter omfattande oppussing opna restaurant Sawan her i 2012.5 President Harbitz ' gate 5|100px|bottomPå den tidlegare tomta for Briskebyveien 34 blei det i 1931 oppført to blokker, der den eine har adresse President Harbitz' gate 5. Arkitektar: Torp & Torp.Oslo gårdkalender, s. 137.16 President Harbitz ' gate 16|100px|bottomTomannsbustad (ark. Carl Konopka) oppført 1889 for E. Olsen. Enkel sveitsarstil med tverrgavl i den eine enden av bygningen. Omregulert frå Eilert Sundts gate 9f.18President Harbitz' gate 18|100px|bottomBygning oppført som villa for direktør Fredrik Stand Heffermehl i 1914 ved arkitekt Arnstein Arneberg. Seinare pensjonat og restaurant, frå 2007 på- og ombygga til leilegheiter.19 President Harbitz ' gate 19|100px|bottomDenne tomta blei omregulert frå Briskebyveien 36 ca. 1900.Ho er rekna til Harbitz' gate i folketeljinga i 1900, men garden er markert som Briskebyveien 36 på eit kart frå 1900 hjå Byantikvaren i Oslo. Noverande leigegard (på hjørnet mot Holtegata) blei teikna av Ferdinand Linthoe og oppført for han sjølv og Johannes Larsen Narvestad i 1899–1900. Tre etasjar blei auka til fire i 1980-åra og loftsetasjen utbygga 1991. Den antroposofiske Vidarlosjen heldt til her frå 1911.20 President Harbitz ' gate 20|100px|bottomStor, frittliggende leigegard (ark. Carl Aaman) oppført 1890 for Edwin Pedersen.21 President Harbitz' gate 21|100px|bottomBustadsblokk oppført i 1967 ved arkitektane Georg Greve og Geir Grung. Armert betong med open underetasje.22 President Harbitz ' gate 22|100px|bottomVilla (ark. Kristen Rivertz) oppført 1892 for kaptein Severin Andreas Heyerdahl Paus.Jf. folketelling 1885 Ombygga 1922 og med garasje frå 1927.23 President Harbitz ' gate 23|100px|bottomLeigegard (ark. Oscar Dehkes) oppført 1898 for Johannes Narvestad. Fire etasjar med pussa fasade.23cPresident Harbitz' gate 23c|100px|bottomPanelt tømmerhus på to etasjar oppført ca. 1870. Bygningen er no disponert av Oslo Malarklubb/Galleri OMK.24President Harbitz ' gate 24|100px|bottomHorisontaldelt tomannsbustad (ark. Carl Konopka) oppført 1888 for E. Olsen. 2 1/2 etasjar med asymmetrisk plassert tverrgavl. Omregulert frå EIlert Sundts gate 9b.25 og 27 President Harbitz ' gate 25|100px|bottomUtgjer saman med Løvenskiolds gate 25–27 ei samanhengande husrekke teikna av Ragnar Dahl og oppført 1935–36. Fem til sju etasjar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «President Harbitz' gate (Oslo)» frå , den 25. februar 2021. Arkitektur og historie i Oslo Jf. folketelling 1885 Oslo gårdkalender, s. 137. Kart fra 1900 hos Oslo byarkiv.

Litteratur

Joar Nyquist og P.D. Hofflund, red. (1955). Oslo gårdkalender: Nybygg 1925–1955. Oslo: Fredhøi.

Kategori:Vegar i Oslo Kategori:Bydel Frogner