May Britt Myhr () er ein norsk kjemikar og petroleumsforskar.

Myhr er frå Langevåg på Sunnmøre. Ho studerte til ein cand. scient.-grad i analytisk organisk kjemi i Trondheim frå 1980 til 1985. Ho byrja å jobba i SINTEF Petroleumsforskning (dåverande IKU) i 1986, der ho blei forskingsleiar i 2000 og administrerande direktør i 2005. Ho var forskingssjef ved Seksjon for forsking og samlingar ved Naturhistorisk museum i Oslo. I 2015 vart ho instituttleiar ved Institutt for petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger. Myhr blei tilsett som direktør i Noregs geologiske undersøking frå august 2018, som fyrste kvinne i stillinga.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «May Britt Myhr» frå , den 17. januar 2021.

Kategori:Norske kjemikarar Kategori:Folk frå Sula