Valentyne Suite er det andre studioalbumet til det britiske rockebandet Colosseum, gjeve ut som det første albumet på Vertigo Records i 1969. Albumet nådde 15. plassen på UK Albums Chart i 1969.Colosseum chart history, The Official Charts. Henta 3. januar 2021.

Sjølv om songen «The Kettle» er offisielt oppført som skriven av Dick Heckstall-Smith og Jon Hiseman, men i følgje Hiseman sine eigne notat i plateomslaget for albumet, og som produsenten Tony Reeves seinare òg sa, så var songen i røynda skriven av gitaristen og vokalisten James Litherland.July 2003. Interview with Tony Reeves , Let it Rock.

«Valentyne Suite» vart opphavleg skriven med «Beware the Ides of March» som den siste delen, men sidan «Beware the Ides of March» alt var gjeven ut i Storbritannia på Those Who Are About to Die Salute You, vart «The Grass is Always Greener» sett inn som den siste delen i staden for. CD-utgåva følgjer denne britiske utgåva.

Mottaking

Allmusic avskreiv dei tre første spora, og kalla «The Kettle» og «Butty's Blues» som «oppdressa 12-takts blues», og meinte at «Elegy» var for vanskeleg å syngje for James Litherland. Resten av albumet fekk derimot god omtale og soloen til Dave Greenslade på «The Valentyne Suite» vart omtalt som «noko som kan utfordre klassisk Keith Emerson, men med swing.» Dei var kritiske til spelinga til Litherland og Reeves på songen, og konkluderte «I ettertid er kanskje ikkje heilt den klassikaren det vart rekna som då det kom, men det er framleis lyttbart...»

Innhald

Medverkande Colosseum Dave Greenslade - hammondorgel, vibrafon, piano, korvokal på «The Machine Demands a Sacrifice» Dick Heckstall-Smith - saksofonar, fløyte på «The Machine Demands a Sacrifice» Jon Hiseman - trommer, maskin på «The Machine Demands a Sacrifice» James Litherland - gitarar, solovokal Tony Reeves - bassgitarar

Gjestemusikarar Neil Ardley - dirigent på «Butty's Blues», strykearrangement på «Elegy»

Teknisk Gerry Bron - produsent Tony Reeves - produsent Marcus Keef - design og fotografi Linda Glover - design av innsida Pete Smith - fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Valentyne Suite» frå , den 3. januar 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Colosseum-album Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Bronze Records-album Kategori:Album produserte av Gerry Bron