Michael Joseph Porcaro () var ein USA-amerikansk bassist, kjend for arbeidet sitt med Toto. Han trekte seg attende i 2007 etter at han fekk diagnosen amyotrofisk lateral sklerose (ALS), som han døydde av i 2015.

Han var den mellomste broren av Toto-medlemmane Jeff Porcaro og Steve Porcaro. Faren deira var jazz-trommeslagaren og perkusjonisten Joe Porcaro.

Porcaro arbeidde som studiomusikar før han tok over for den originale bassisten i Toto, David Hungate, i 1982, kort tid etter at bandet hadde spelt inn Toto IV. Porcaro spelte cello på eit spor på det albumet og vart fulltidsmedlem av bandet på den påfølgjande turneen. Han vart verande med bandet fram til 2007.

I tillegg til Toto spelte Poracro for ei rekkje andre musikarar, som Michael Franks, Seals and Crofts, Larry Carlton og Boz Scaggs.

Diskografi Med Toto Isolation (1984) Dune (1984) Fahrenheit (1986) The Seventh One (1988) Past to Present 1977-1990 (1990) Greatest Hits Live...and More (1992) Kingdom of Desire (1992) Tambu (1995) Best Ballads (1995) Toto XX (1998) Mindfields (1999) Livefields (1999) Through the Looking Glass (2002) Live in Amsterdam (2003) The Essential Toto (2003) Falling in Between (2006) 40 Trips Around the Sun (2018) Old Is New (2018)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mike Porcaro» frå , den 20. desember 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Døde av motonevronsjukdom Kategori:Musikarar frå Connecticut Kategori:Folk frå Hartford i Connecticut Kategori:Toto-medlemmar