It'll Shine When It Shines er det andre studioalbumet til den amerikanske southern rock/countryrock-gruppa The Ozark Mountain Daredevils, gjeve ut i 1974.

Debutalbumet deira hadde vore ein stor nok suksess til å gje bandet nok innverknad til å spele inn det neste albumet sitt heime hos seg sjølv. Albumet vart spelt inn i eit gardshus frå før borgarkrigen, som dei brukte som øvingslokale. Med seg hadde dei produsentane Glyn Johns og David Anderle som arbeidde i eit mobilt studio i ein lastebil parkert utafor. Dette skapte eit avslappa og organisk miljø som gav dei songar som Steve Cash sin ironiske swamp rock-songen «E.E. Lawson».

Albumet inneheld den største hitten deira, «Jackie Blue», som nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 i 1975. Songen vart skriven av Larry Lee seint i innspelinga og spelt inn etter forslag frå Johns, som overtydde Lee til å endre den opphavlege teksten om ein ven som selde dop til ein ode til ei frisinna, einsleg kvinne.

Innhald

Salslister Liste (1974/75)PlasseringUSA (Billboard 200)19Australia (Kent Music Report)73

Medverkande Steve Cash - munnspel, perkusjon, vokal John Dillon - gitar, dulcimer, munnspel, klaverinstrument, vokal Larry Lee - gitar, klaverinstrument, trommer, vokal Randle Chowning - gitar, dobro, mandolin, munnspel, vokal Michael Granda - bass, gitar, vokal Buddy Brayfield - klaverinstrument, vokal Glyn Johns - gitar Nick DeCaro - trekkspel Jody Troutman - korvokal

Produksjon Produsent: Glyn Johns/David Anderle Lydteknikar: Glyn Johns Kunstnarisk leiar: Roland Young Fotografi: Harry Mittman, Jim Mayfield Notat i plateomslaget: Ken Seeholzer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «It'll Shine When It Shines» frå , den 19. desember 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Ozark Mountain Daredevils-album Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Album produserte av Glyn Johns Kategori:Album produserte av David Anderle Kategori:A&M Records-album