«There Goes Another Love Song» er ein song av det amerikanske Southern rock-bandet Outlaws. Han er skriven av Hughie Thomasson og Monte Yoho, og opningssporet og første singelen frå debutalbumet deira, Outlaws i 1975. Det vart ein topp 40-hitt og nådde 34. plassen på Billboard Hot 100-lista og 30. plassen i november 1975 i Nederland.Songen på Nederlandsk Topp 40
Bakgrunn og komposisjon Songen var skriven av Hughie Thomasson og Monte Yoho. Sjølv om Outlaws hadde medlemmar som delte på å syngje songane, er røysta til Thomasson den som oftast er assosiert med gruppa sidan han song på dei to mest populære songane deira, «There Goes Another Love Song» og «Green Grass and High Tides».
Utgjeving og mottaking Songen har fått god omtale av musikkpressa og Ronnie D. Lankford jr. i Allmusic kalla det ein av dei beste songane til Outlaws, medan Associated Press kalla det «ein rockeanthem».
Innhald 7"-vinyl «There Goes Another Love Song» (Thomasson, Yoho) – 3:06 «Keep Prayin'» (O'Keefe) – 2:46
Medverkande Hughie Thomasson - sologitar, vokal Billy Jones - sologitar, vokal Monte Yoho - trommer Frank O'Keefe - bassgitar Henry Paul - elektrisk og akustisk gitar, vokal
Salslister Liste (1975)PlasseringU.S. Billboard Hot 100 34
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «There Goes Another Love Song» frå , den 13. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Debutsinglar frå 1975 Kategori:Outlaws-songar Kategori:Songar produserte av Paul Rothchild Kategori:Songar skrivne av Hughie Thomasson Kategori:Arista Records-singlar