Verdscupen i langrenn for menn i 1991-sesongen omfatta 12 individuelle tevlingar og 5 stafettar. Tevlingane tok til 9. desember 1990 og vart avslutta 16. mars 1991. Dei 12 individuelle renna bestod av ei tevling over 10 kilometer, tre tevlingar over 15 km, ei over 25 km, fem tremiler og to femmiler. Renna fann stad i Bad Mitterndorf i Austerrike, Davos (2) i Sveits, Hauteluce (2) i Frankrike, Minsk (2) i Sovjetunionen, Štrbské Pleso i Tsjekkoslovakia, Val di Fiemme (5) i Italia, Lahti (2) i Finland, Falun i Sverige og Oslo i Noreg.

Sovjetunionens Vladimir Smirnov vann FIS-pokalen framom Torgny Mogren frå Sverige. Smirnov var bestemann i tre av dei individuelle tevlingane. Mogren var best i to enkeltrenn, det same var tredjemann i turneringa, norske Bjørn Dæhlie. Svenskane Gunde Svan og Henrik Forsberg sigra i kvart sitt enkeltrenn, nett som nordmennene Terje Langli, Kristen Skjeldal og Vegard Ulvang.

Individuelt Plass Utøvar Land Poeng 1 Vladimir Smirnov 163 2 Torgny Mogren 129 3 Bjørn Dæhlie 105 4 Vegard Ulvang 105 5 Kristen Skjeldal 76 6 Terje Langli 73 7 Henrik Forsberg 73 8 Gunde Svan 65 9 Maurilio De Zolt 62 10 Marco Albarello 62 11 Christer Majbäck 59 12 Gianfranco Polvara 46 13 Harri Kirvesniemi 45 14 Sture Sivertsen 45 15 Thomas Eriksson 43 16 Jan Ottosson 38 17 Václav Korunka 38 18 Mikhail Botvinov 36 19 Aleksej Prokurorov 36 20 Silvano Barco 26 21 Luboš Buchta 25 22 Vjatsjeslav Plaksunov 25 23 Igor Badamsjin 24 24 Giorgio Vanzetta 23 25 Pavel Benc 19

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup_1990/91» frå , den 4. desember 2020.

Kategori:Nordiske greiner 1991 Kategori:Sport i 1991