Evergreen, Vol. 2 er det andre studioalbumet til Stone Poneys, gjeve ut fem månader etter debutplata The Stone Poneys i 1967. Det var det bestseljande av dei tre albuma Stone Poneys gav ut.

Utgjeving Albumet kom ut på Capitol i juni 1967 i både monolyd og stereo.

I motsetnad til det første albumet, var Linda Ronstadt solovokalist på nesten alle songane, og berre få av songane vart sungen i lag i harmoni. Unntaket var tittelsporet «Evergreen» (som òg vart gjeven ut som B-sida til den første singelen frå albumet, «One for One»). Kenny Edwards song solo på «Part One», medan «Part Two» er ein instrumental. Begge partane har ei kjensle av psykedelisk rock med sitar spelt av Edwards.

Albumet inneheld den største hitten deira, «Different Drum», skriven av Mike Nesmith før han vart med i The Monkees. The Stone Poneys-versjonen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100-lista (med 'featuring Linda Ronstadt' trykt på singeletiketten). Edwards fortalte at originalinnspelinga deira var basert på ein versjon av The Greenbriar Boys frå albumet Better Late than Never! frå 1966. «Vår versjon var ganske lik den, med mandolin, ein slags jugbandaktig, bluegrass-lite-versjon.»Online excerpt, Richie Unterberger, Eight Miles High: Folk-Rock's Flight from Haight-Ashbury to Woodstock, 2003: Backbeat Books, . Henta 5. april 2009. Plateprodusenten Nik Venet meinte at songen kunne bli ein hit og fekk Ronstadt til å spele han inn med andre musikarar. «Different Drum» gjekk først inn på lista i november 1967, etter at bandet hadde turnert i fire månadar for å marknadsføre albumet. Edwards hadde då alt slutta i Stone Poneys.

Den første singelen frå albumet, «One for One», gjekk ikkje inn på lista. Han var skriven i lag med Austin DeLone, som seinare var med i countryrockbandet Eggs Over Easy.

Fem av songane var skrivne i lag av bandmedlemmane Bobby Kimmel og Edwards. Kimmel skreiv òg «New Hard Times» i lag med Mayne Smith, som var medlem i bluegrassbandet The Redwood Canyon Ramblers frå San Francisco.Redwood Canyon Ramblers. Henta 28. november 2020.

Mange av dei andre låtskrivarane på albumet, som Stone Poneys sjølv, var visemusikarar i Los Angeles som sleit med å slå gjennom. Steve Gillette bidrog med «Song about the Rain» og «Back on the Street Again», og song harmonivokal med Ronstadt på sistnemnde. Sunshine Company fekk den største hitten sin med «Back on the Street Again» (36. plassen på Billboard); og Gillette spelte han inn på det sjølvoppkalla debutalbumet.

«December Dream» er opningssporet på albumet, og var skriven av John Braheny, som hadde ein kort karriere som visesongar før han gjekk inn i andre område av musikkindustrien. Fred Neil spelte inn songen på denne tida òg.

Innhald

Medverkande

Bandmedlemmar Bobby Kimmel: gitar Kenny Edwards: gitar, sitar Linda Ronstadt: solovokal, fingercymbal

Andre musikarar Jimmy Bond: bass Dennis Budimir: gitar Pete Childs: gitar Cyrus Faryar: akustisk gitar, bouzouki John T. Forsha: gitar Steve Gillette: gitar, harmonivokal (på «Back on the Street Again») Jim Gordon: trommer Bernie Leadon: gitar på «Different Drum»https://bringmethenews.com/life/linda-ronstadt-praises-minneapolis-music-legend Billy Mundi: trommer Joe Osborn: elektrisk bass Don Randi: cembalo Sidney Sharp: fiolin, konsertmeister Norman Botnick: strykarar William Durasch: strykarar Jesse Ehrlich: strykarar, fiolin, cello, bratsj Harry Hyams: strykarar, fiolin, cello, bratsj William Kurasch: fiolin, cello, bratsj Leonard Malarsky: strykarar Stanley Plummer: strykarar, fiolin, cello, bratsj Robert Sushel: strykarar, fiolin, cello, bratsj

Teknisk Warren Barnett: mastering Richie Unterberger: notat i plateomslaget Peter Shillito: konsept og utgjeving

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Evergreen, Volume 2» frå , den 28. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:Stone Poneys-album Kategori:Musikkalbum produserte av Nick Venet Kategori:Capitol Records-album