Hard Bargain er det 21. studioalbumet og det 26. totalt av den USA-amerikanske countrymusikaren Emmylou Harris, gjeve ut 26. april 2011. Det var det fjerde albuemt hennar for Nonesuch Records.

Albumet debuterte på tredjeplassen på den amerikanske Billboard Top Country Albums-lista den høgaste plasseringa hennar der sidan Roses in the Snow i 1980. Samstundes nådde det 18. plassen på Billboard 200, og tok over plassen etter Luxury Liner i 1977 som den høgaste plasseringa hennar på den lista i heile karrieren hennar.

Informasjon Songane som vart til Hard Bargain, vart i følgje Harris spelt inn i løpet av fire veker i august 2010. I motsetnad til alle tidlegare Harris-album, som i stor grad er blitt spelt inn med mange forskjellige musikarar, er det berre tre musikarar totalt på heile albumet, nemleg Harris sjølv, produsenten Jay Joyce og Giles Reaves.

I desember 2010 vart det filma seks videoklipp i Laughing House Studios i Nashville, regissert av Jack Spencer. Desse videoane, med kommentar til, finst som ein bonus-DVD på luksusutgåva av albumet.

Opningssongen «The Road» handlar om den avdøde Gram Parsons, den musikalske mentoren hennar som døydde i 1973. Det var den andre songen ho skreiv om temaet etter «Boulder to Birmingham» frå albumet Pieces of the Sky i 1975.

«Darlin' Kate» er ein hyllest til den avdøde Kate McGarrigle, som døydde av kreft i 2010. Ho og systera Anna McGarrigle hadde spelt mykje med Harris ved fleire høve sidan 1970-åra.

«My Name Is Emmett Till» fortel soga om Emmett Till, ein afroamerikansk gut som vart drepen i 1955.

Innhald

Medverkande Emmylou Harris – vokal, akustisk gitar Jay Joyce – gitar, bassgitar, klaverinstrument, piano, omnichord, ganjo, mandolin Giles Reaves – trommer, klaverinstrument, perkusjon, piano, orgel, vibrafon, marimbula

Salslister Liste (2011) Plassering Den australske albumlista48 Australian Country Albums Chart2 Den belgiske albumlista (Flandern)39 Den belgiske albumlista (Vallonia)95 Den kanadiske albumlista20 Den danske albumlista27 Kanadiske Country Albums Chart2 Den nederlandske albumlista15 Den tyske albumlista49 Irish Individual Artist Albums36 Den newzealandske albumlista28 Norske VG-lista11 Den svenske albumlista15 Den sveitsiske albumlista76 UK Albums Chart30 UK Country Albums Chart2 US Billboard 20018 US Billboard Top Country Albums3 US Billboard Folk Albums3 US Billboard Rock Albums6

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hard Bargain (album)» frå , den 22. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2011 Kategori:Emmylou Harris-album Kategori:Nonesuch Records-album Kategori:Album produserte av Jay Joyce Kategori:Countryfolk-album