Thirteen er det 13. studioalbumet til den USA-amerikanske countryartisten Emmylou Harris, utgjeve februar 1986. Tittelen syner til at det var det 13. albumet hennar. I denne rekninga vart ikkje debutalbumet frå 1969 hennar rekna med, medan eit konsertalbum vart. Medrekna begge desse to albuma, hadde Harris i røynda gjeve ut 14 album.
Av ukjende årsaker gjekk albumet ut av opplag berre få år etter det kom ut, og gjorde det til eit av dei mest ettersøkte albuma i katalogen til Harris, og brukte eksemplar går vanlegvis for ein høg pris på nettstader som eBay. Albumet var produsert av den dåverande ektemannen til Harris, Paul Kennerley. Sjølv om albumet så langt aldri har kome ut som sjølvstendig album på CD, vart det i april 2011 gjort tilgjengeleg digitalt. I 2013 kom det ut på CD som ein del av ei samling på Rhino Entertainment Company kalla Emmylou Harris Original Album Series Vol.2.
Innhald
Medverkande Mike Bowden - bass Steve Cash - munnspel Rodney Crowell - korvokal Steve Fishell - steelgitar, slidegitar, resonatorgitar Vince Gill - korvokal Carl Jackson - mandolin, fele, banjo, akustisk gitar, korvokal Don Johnson - klaverinstrument Shane Keister - synthesizer Mary Ann Kennedy - korvokal Paul Kennerley - akustisk gitar Mark O'Connor - fele Frank Reckard - mandolin, elektrisk gitar, akustisk gitar Pam Rose - korvokal Buddy Spicher - fele Barry Tashian - korvokal, trekkspel Steve Turner - trommer, perkusjon Paul Worley - akustisk gitar Emmylou Harris - vokal, akustisk gitar
Salslister Liste (1986) Plassering
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Thirteen (Emmylou Harris album)» frå , den 19. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Emmylou Harris-album Kategori:Musikkalbum frå 1986 Kategori:Warner Bros. Records-album