«If I Needed You» er ein song skriven av Townes Van Zandt og framført i 1972 på albumet hans The Late Great Townes Van Zandt. Ni år seinare vart han spelt inn av dei USA-amerikanske countryartistane Emmylou Harris og Don Williams som ein duett, og gjeven ut i september 1981 som den første singelen frå Harris-albumet Cimarron. Songen nådde då tredjeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista[ Emmylou Harris Billboard Singles] og toppen av RPM Country Tracks-lista i Canada.

Salslister Liste (1981)PlasseringCanadian RPM Country Tracks1

Andre versjonar Andre artistar som har spelt inn songen er Andrew Bird på Hands of Glory, Guy Clark på Songs and Stories, Lyle Lovett på Step Inside This House og andre. Songen vart spelt inn av Doc Watson for plata hans Then and Now. I 1997 spelte Dead Ringer Band inn songen på albumet deira Living in the Circle.In 2012 gav Mumford & Sons ut ein versjon av songen. Kasey Chambers spelte inn songen i 2011 på albumet hennar Storybook. I 2018 gav den spanske visesongaren Javier Álvarez ut ein versjon av songen på albumet 10.

Ein svenskspråkleg versjon av songen kalla «Om jag behövde dig» kom ut i 2016 på albumet Vid Grinden av Georga i ein duett med songaren Frida Wiljansros.

Joey + Rory spelte inn songen på albumet deira Made to Last i 2013. Adam Harvey og Beccy Cole spelte inn songen på albumet deira The Great Country Songbook Volume 2 (2017). I 2017 spelte Jason Isbell og Amanda Shires inn ein versjon for eit hyllestalbum til Don Williams. Gove Scrivenor spelte inn ein versjon på albumet Shine On i 1998.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «If I Needed You» frå , den 17. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Townes Van Zandt-songar Kategori:Songar skrivne av Townes Van Zandt Kategori:Don Williams-songar Kategori:Emmylou Harris-songar Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:Songar produserte av Garth Fundis Kategori:Lyle Lovett-songar Kategori:Doc Watson-songar Kategori:Mumfort & Sons-songar Kategori:Jason Isbell-songar