mini|Cape frå 1880-talet. mini|Skisse av ein cape. Cape (uttalt [kɛ:p]) er eit armlaust kort, knelangt eller langt kappeliknande klesplagg, med eller uten krage, av og til med hette. Ein kan festa capen i halsen, knappa han framme eller ta han på over hovudet.
Ordet cape kjem frå engelsk frå gammalfransk cape, cappe og opphavleg frå latin capa som tyder 'lita kappe'. Plagget har funnest sidan antikken. Capen blei populær på 1850-talet og var på moten i periodane 1960-1962 og 1975-1976. Det kan brukast med tradisjonelle klede som bunad og kilt.
Variantar Almucia er ein pelscape som blei brukt frå mellomalderen av katolske prelatar og kanniker. Pelsen var ofte tilverka av gråverk.
Damer av maltesarordenen ber ein svart cape med hette og raudt for som ordensdrakt.
Ein regnfrakk uten erme kan ein også kalla for regncape.
Ein capejakke er ein cape med erme som blei skapt av Balenciaga i 1950.
Galleri
Sjå òg
Poncho
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cape» frå , den 15. november 2020.
Kategori:Mannsklede Kategori:Kvinneklede Kategori:Klede for overkroppen