Sylvia Pedlar (1900–1972) var ein amerikansk moteskapar som særleg utforma underklede. Ho er den einaste designeren som har vunne Special Coty Award fleire gonger, i både 1951 og 1964.
Ho var fødd som Sylvia Schlang i New York i 1900, og studerte kunst ved Cooper Union og Art Students League of New York før ho blei gift med William A. Pedlar. I 1929 skipa ho si eiga forretning, Iris Lingerie, som ho leia heilt til han blei stengd i 1970.
For å oppnå suksess la Pedlar vekt på høg kvalitet i produkta sine heller enn å tilsetja mange salsfolk eller kjøpa reklame. (Cited by Blausen.) Ho har fått æra for å skapa superkorte babydoll-nattkjolar tidleg på 1940-talet som response på tekstilmangelen under andre verdskrigen, sjølv om ho sjølv hata nemninga "baby doll" og nekta å bruka henne. Ein av dei best kjende verka hennar var ein toga-inspirert neglisjé som var lett å ta av, og særskild laga for kvinner som sov nakne. Ho brukte toga-temaet gjennom heile karrieren sin, med ein neglisjé som blei prominent vist i 1962 både i Life og Harper's Bazaar. Ho omarbeidde også viktorianske stilar som den tradisjonelle Mother Hubbard-nattkjolen i flannell, som ho i staden fekk laga i tynn bomull, og reproduserte kvitsaumsbroderi frå 1800-talet med maskin i ein så høg standard at produkta hennar kunne måla seg med luksuriøst, handlaga fransk undertøy. Det finst døme på Pedlar sine arbeid ved Costume Institute, og arkivmateriale frå 1946-1967 ved Fashion Institute of Technology.
Pedlar døydde i New York i 1972. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sylvia Pedlar» frå , den 2. november 2020.
Kategori:USA-amerikanske moteskaparar Kategori:Folk frå New York City