Time Loves a Hero er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet Little Feat, utgjeve i 1977.
Då Little Feat drog i studio får å spele inn Time Loves a Hero, var spaninga mellom bandmedlemmane, og særskild Lowell George og resten av bandet, på sitt verste. George var ikkje berre avhengig av forskjellige ting, men var blitt stadig meir uroleg for at gruppa stadig meir spelte lange jammar som likna meir og meir på jazzfusion. Resten av gruppa henta inn Ted Templeman, som tidlegare hadde arbeidd med debutplata deira og produserte Sailin' Shoes, for å hjelpe til å få innspelinga i hamn. George var ikkje begeistra, men det er truleg ikkje den einaste årsaka til han ikkje var like delaktig i denne plata som tidlegare utgjevinga. Han var frustrert med bandet og helsa var ikkje god, så han bidrog lite. Han skreiv ein song, «Rocket in My Pocket», og samarbeidde med Paul Barrere på «Keepin' Up with the Joneses».
Innhald
Salslister Liste (1977)PlasseringAustralia (Kent Music Report)48USA (Billboard 200)34
Medverkande Paul Barrère – gitar, vokal Sam Clayton – conga, perkusjon, vokal Lowell George – vokal, gitar Kenny Gradney – bass Richie Hayward – trommer, perkusjon, vokal Bill Payne – klaverinstrument, synthesizer, marimba, vokal
Andre medverkande Greg Adams – trompet Jeff «Skunk» Baxter – dobro («Missin' You»)¹ Emilio Castillo – tenor saksofon Mic Gillette – trombone, trompet Stephen «Doc» Kupka – barytonsaksofon Michael McDonald – vokal («Red Streamliner») Lenny Pickett – altsaksofon og tenorsaksofon Patrick Simmons – gitar («New Delhi Freight Train»), vokal («Red Streamliner») Fred Tackett – mandocello og gitar («Time Loves a Hero»)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Time Loves a Hero» frå , den 7. oktober 2020. oppgav desse kjeldene: ¹ Little Feat – Raw Tomatoes Vol.1 (2002) booklet p14: «the skunk was not on that track»
Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Little Feat-album Kategori:Album produserte av Ted Templeman Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Plateomslag av Neon Park Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders Kategori:Album spelte inn i United Western Recorders