thumb|Ruinen av Margaretakyrkja Margaretakyrkja var ei kyrkje i Borgundkaupangen i mellomalderen. Kyrkja låg nær sjøen på eit nes ved Klokkarsundet.
Kyrkja og presten er omtala i 1309. I Aslak Bolts jordebok (1432) er det ikkje ført jordegods for kyrkja. I 1587 er kyrkja omtala som øyde.
Dette var ei steinkyrkje med marmorkvader. Skipet var rektangulært, men ikkje noko separat kor lot seg påvise ved ei utgraving i 1912. Stein frå ruinen vart brukt til å utvide Peterskyrkja (dagens Borgund kyrkje) i 1632. Resten av ruinen er i dag synleg eit par hundre meter aust-søraust for Borgund kyrkje.
Kjelder St. Margarets kirke — Borgund på nettstaden «Middelalder på Sunnmøre»
Denne artikkelen bygger på «Margaretakirken (Borgund)» frå , den 21. september 2020.
Fotnotar Diplomatarium Norvegicum XV:1 Side 131 og 135–136. Norske Rigs-Registranter II, s. 700. Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Møre og Romsdal fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 21.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Ålesund Kategori:Kulturminne i Ålesund