«Promised You a Miracle» er ein song frå 1982 av det skotske bandet Simple Minds og vart gjeven ut som den første singelen frå det femte studioalbumet deira, New Gold Dream (81–82–83–84). Det var den første hitten deira i Storbritannia,Glittering Prize 81/92 Cassette Sleeve Notes by Brian Hogg, 1992 og nådde 13. plassen på UK Singles Chart og låg 11 veker inne på lista. Dei tidlegare ni singlane i Storbritannia var ikkje gått inn på topp 40-lista sjølv om somme hadde gjort det godt i Skottland.

Det var den einaste songen på albumet der Kenny Hyslop spelte trommer.New Gold Dream (81–82–83–84) Sleeve Credits, 1982 Mike Ogletree og Mel Gaynor spelte på dei åtte andre spora.

Songen utløyste ein lengre periode med kommersiell suksess for bandet, som gav dei 21 hitsinglar i heimlandet på rad, opp til og inkludert «Glitterball» i 1998 frå albumet Neapolis. Det gjorde òg at dei fekk spele på det britiske musikkshowet Top of the Pops for første gongen.The Best of Simple Minds CD Sleeve Notes by Billy Sloan, 2001

Musikkvideoen var regissert av Steve Barron. Eit konsertopptak frå albumet Live in the City of Light kom ut i 1987.

«Promised You a Miracle» er ein kombinasjon av «djup elektronisk rytme» frå klaverinstrumentet til Mick MacNeil og eit «behendig riff» av Charlie Burchill på gitar. Songen var inspirert av funkbandet som trommeslagaren Kenny Hyslop hadde spelt på lydband. Det var av Jim Kerr rekna som den første «reine popsongen» skriven av bandet.

Salslister

Liste (1982)PlasseringAustralia (Kent Music Report)10Irish Singles Chart Only results when searching «Promised you a miracle»25UK (Official Charts Company)13U.S. Billboard Hot Dance Club Play65

Liste (1987)PlasseringFrankrike (SNEP) You have to use the index at the top of the page and search «Simple Minds»62Irish Singles Chart8Nederland (GfK Dutch Chart)55UK (Official Charts Company)19

Innhald

7"-singel Virgin VS 448 «Promised You a Miracle» - 3:59 «Theme for Great Cities» - 5:50

12"-singel Virgin VS 488-12 «Promised You a Miracle» (Extended) - 4:49 «Themes for Great Cities» - 5:50 «Seeing Out the Angel» (Instrumental) - 6:32

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Promised You a Miracle» frå , den 9. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Simple Minds-songar Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Virgin Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Jim Kerr Kategori:Songar skrivne av Derek Forbes Kategori:Songar skrivne av Charlie Burchill Kategori:Songar skrivne av Mick MacNeil