«Standing There» er ein song av det engelske bandet The Creatures (òg kjend som songaren Siouxsie Sioux og trommeslagaren Budgie). Innspelinga vart produsert i lag med Mike Hedges med Gary Barnacle på saksofon og Peter Thoms på trombone.
Det var den første singelen frå Boomerang, det andre albumet til The Creatures. Melody Maker skreiv: «'Standing There' er ein stampande første singel frå Boomerang og omhandlar denne sjølvsame kjønnskampen, men hentar det heile bevisst heim.»Sutherland, Steve. «Blood Sport». Melody Maker. 7. oktober 1989.
Den første B-sida, «Divided», var ikkje med på albumet. Sidan vart det lagt til ei B-side til for CD-utgåva av singelen, «Solar Choir».
I USA vart songen spelt mykje på alternativ radio og nådde fjerdeplassen på Billboard Modern Rock Tracks-lista i januar 1990.
Notes
Denne artikkelen bygger på «Standing There» frå , den 28. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:The Creatures-songar Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Geffen Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Siouxsie Sioux Kategori:Songar skrivne av Budgie Kategori:Songar produserte av Mike Hedges