John Hume () var ein nordirsk politikar og nobelprisvinnar, fødd og død i Derry.

Hume var ein sentral politikar i Nord-Irland som formann i Social Democratic and Labour Party frå 1979 til 2001. I 1990-åra spelte han ei viktig rolle i arbeidet som i 1998 førte fram til Langfredagsavtalen. For sin innsats vart han tildelt Nobels fredspris 1998 saman med David Trimble, leiaren i Ulster Unionist Party.

Hume var medlem av det nordirske parlamentet frå 1969 til det vart nedlagt våren 1972. Gjennom heile 25 år, 1979-2004, representerte han Nord-Irland i Europaparlamentet. Ved det britiske parlamentsvalet i juni 1983 vart han vald til å representere den nye valkrinsen Foyle i Westminster. Gjennom stadige attval kom han til å ha plass i parlamentet til han i 2005 let vere å stille til val.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «John Hume» frå , den 6. og 8. august 2020.

Kategori:Nordirske politikarar Kategori:Nordirske nobelprisvinnarar Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris Kategori:Medlemer i Det nordirske underhuset 1921-1972 Kategori:Medlemmer av det britiske Underhuset Kategori:Folk frå Derry