Carolin Schäfer () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som internasjonalt tevla i mangekamp. Ho vann i 2017 VM-sølv i sjukamp og i 2018 EM-bronse i same. Schäfers livsbeste 6 836 poeng er frå 2017.

Aktiv Schäfer sette i 2014 personbeste i sjukampen ved europameisterskapen i Zürich, med 6 395 poeng enda ho fjerdeplassen, 37 poeng bak bronsevinnar Nafissatou Thiam. I mai 2015 forbetra Schäfer den personlege sjukamp-rekorden til 6 547 poeng ved meistermøtet i Götzis i Austerrike. Året etter vart ho nummer 5 under dei olympiske leikane i Rio de Janeiro i Brasil.

Under Götzis-stemnet 2017 presterte Schäfer personbeste i fem av dei sju øvingane og sanka heile 6 836 poeng, nest best i verda det året. Ved verdsmeisterskapen i London seinare i sesongen sikra ho seg sølvmedaljen med 6 696 poeng. I europameisterskapen 2018 la Schäfer beslag på på bronseplassen, gullvinnar Nafissatou Thiam og sølvmedaljør Katarina Johnson-Thompson makta ho ikkje hamle opp med.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2012 i Helsinki: Nr 11 – 6 003 poeng EM 2014 i Zürich: Nr 4 – 6 395 poeng VM 2015 i Beijing: Braut sjukampen etter seks øvingar OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 5 – 6 540 poeng VM 2017 i London: Sølvmedalje – 6 696 poeng, bakom Nafissatou Thiam (6 784 poeng) EM 2018 i Berlin: Bronsemedalje – 6 602 poeng OL i 2021 i Tokyo:Nr 7 – 6 419 poeng EM 2022 i München: Nr 6 – 6 223 poeng VM 2023 i Budapest: Braut etter tre øvingar OL 2024 i Paris: Braut etter tre øvingar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Carolin Schäfer» frå , den 1. august 2020.

World Athletics

Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024