Minesweeper, kalla minesveiper på norsk, er eit dataspel for ein person som vart funne opp av Robert Donner i 1989. Målet med spelet er å få vekk minene i eit minefelt utan at dei sprenger.

Spelet har vorte omskrive til mange operativsystem, den mest kjende versjonen er den som kom med Microsoft Windows. Microsoft Minesweeper var installert i alle versjonar av Windows fram til Windows 8 (2012). Microsoft erstatta det med ein gratisversjon ein kunne lasta ned frå Microsoft Store.

Kjelder

Kategori:Dataspel frå 1989 Kategori:Hjernetrimspel