Spur of the Moment er eit studioalbum av Peter Hammill og Guy Evans med eksperimentell musikk, opphavleg gjeven ut på kassett på Red Hot label. Ei ommastra utgåve kom ut på CD på DaTE i februar 1988«Peter Hammill & Guy Evans – Spur Of The Moment (Cassette, Album) on Discogs». discogs.com. Henta: 30. juli 2020. (ikkje i 1991, som Sofa Sound indikerer). Albumet er for tida ute av opplag.«Peter Hammill Miscellaneous Recordings». sofasound.com. Henta: 30. juli 2020.

Hammill speler piano, gitar og klaverinstrument-drivne samplarar og synthesizer, medan Evans speler akustisk og elektroniske trommer. Musikken er instrumental og heilt improvisert.Album notes in the booklet of Spur of the Moment (1988). DaTE. I følgje plateheftet valde dei ut instrumenta og grunnleggjande note-mønster før dei sette i gang stykka, men ingen andre strukturar vart avtalte på førehand.

Ei rekkje songar frå Spur of the Moment vart framførte på konsert i 1988 og igjen i 1996. Ei innspeling av ein av desse konsertane frå 1996 kom ut på The Union Chapel Concert.

Plateomslag Plateomslaget syner pergament med linjer av raud og grøn måling, og somme stader kan ein sjå talet 2.

Innhald Alle songar skrivne av Peter Hammill og Guy Evans, utanom der andre er nemnde.

I heftet på CD-en står «Surprise» og «Little did he know» som to forskjellige titlar, men på sjølve CD-en er spor to kalla «Surprise / Little did he know» (og har derfor berre 11 spor totalt).

Medverkande Peter Hammill – piano, gitar og klaverinstrument-drivande samplerar og synthesizer Guy Evans – akustiske og elektroniske trommer

Begge musikarane speler kvar andre sine instrument.

Teknisk Peter Hammill - lydteknikar, miksing (Sofa Sound i Bath) Paul Ridout – lydteknikar, design

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Spur of the Moment (Peter Hammill album)» frå , den 30. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Peter Hammill-album Kategori:Musikkalbum frå 1988