Blue Dawn er det 95. albumet totalt og det 34. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i juni 2006.

Albumet inneheld tidlegare studioopptak av Edgar Froese og det kortvarige medlemmet Ralf Wadephul frå ein amerikansk turné i 1988. Eit liknande album, Kyoto, med opptak frå 1983, kom ut i 2005.

Ralf Wadepulh skreiv på heimesida si om skapinga av Blue Dawn: «Etter mange år fekk eg ein telefon frå Edgar som spurte om eg var interessert i å samarbeide i studio på uferdige skisser frå 1988.» Dei arbeidde først kvar for seg, før dei møttest i Wien i 2005 for å setje det saman til eit album.

Albumet består av ti spor, seks av dei komponerte av Ralf Wadephul, dei andre av Edgar Froese. Bandmedlemmet Paul Haslinger var tilsynelatande ikkje involvert i komponeringa av desse spora.

Noko av materialet til Ralf Wadephul vart seinare gjevne ut på nytt, noko omarrangert, på soloalbumet hans When Aliens Meet a Drop of Water (2008).

Innhald

Medverkande Edgar Froese – klaverinstrument Ralf Wadephul – klaverinstrument

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 2006 Kategori:Tangerine Dream-album