mini|Jærhus med bislag på Hå gamle prestegard Bislag, òg kalla sval eller skott, er eit utbygg ved inngangsdørene på bustadhus. Funksjonen er dels å skjerma ytterdørene og dempa trekk frå dørene, og dels å vera eit våtrom for å hengja av seg yttertøy og regntøy.

I andre bygningsrettleiingar og -skildringar vert bislag brukt om eit gangrom inne i bygningskroppen, i tilknyting til kjøkeninngangen, men dette varierer.

Bislaget ved inngangsdøra var eit karakteristisk trekk ved treroms akershusstove. På Jæren var bislag vanleg på bustadhus på landbygda, men ikkje i bynære strøk. Nokre stadar vert bislag brukt om trappeavsatsen under ein svalgang. Frå Østerdalen er det kjend bislaget med eit innebygt rom over, kalla barfrø.

Ved gjenreisninga av Troms og Finnmark i 1945 vart det stilt krav om at alle hus skulle ha bislag, vindfang og gang, som altså vart oppfatta som tre ulike rom/funksjonar.

Ordet bislag kjem frå det nedertyske bislach - «det som er slått fast til noko anna».bislag; Bokmålsordboka Bislag heiter på svensk ein farstukvist. bislag, Nationalencyklopedin

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bislag» frå , den 18. juli 2020.

Kategori:Rom