mini|Finlands riksvåpen er kjend siden 1580-talet. Krumsablen, som blir trampa på av løva, symboliserer Russland eller Novgorod, det vil seia trusselen austfrå, medan det rette sverdet, som løva svingar, står for Vesten. Dei ni rosene er tolka som symbol for dei ni historiske landskapa i Finland. Finsk mellomalderhistorie omfattar eit tidsrom på rundt 500 år frå 1000-talet til 1500-talet, der det finske samfunnet gjennomgjekk store endringar. Blant desse forandringane er innføringa av svensk overhøgd, danninga av ein kyrkjeleg organisasjon, innflyttinga av ein svenskspråkleg folkesetnad i kyststroka og oppdyrking av og busetjing i tidlegare samiske område.
Ved byrjinga av mellomalderen vart Finland mål for krosstog både austfrå og vestfrå, men tre svenske krosstog vart fort dominerande og avgjerande for den vidare utviklinga av landet. Det første av krosstoga skal ha funne stad i andre halvdel av 1150-åra og ha retta seg mot kysten i dei sørvestlegaste delane av dagens Finland, det andre skjedde i 1249. Det var leia av Birger jarl og retta seg imot Tavastland heilt fram til Karelen. Ingen av desse første krosstoga førte til at svenskane fekk fast grep om landet. Eit tredje forsøk fann stad i 1290-åra og resulterte i kampar som varte fram til 1323, då det vart inngått ein fredsavtale mellom Novgorod og Sverige, referert til som Nöteborgstraktaten. Avtalen medførte at Novgorod de facto anerkjende svensk overhøgd over heile Finland. Traktaten hadde ei uavklart og derfor seinare omstridd grense mot nord.
Den svenske kyrkja sette i gang bygging av kyrkjer i heile det dåverande Finland og skipa også eit finsk bispesete i Åbo. I tillegg til kyrkjer vart det oppretta nokre få kloster i landet. Viktigare var det likevel at det òg vart oppretta kjøpstader for å fremje handelen. I tillegg til Åbo var dette òg Ulfsby (Ulvila) ved Kumo älv, Närpes (Närpio), Korsholm (Mustasaari) og Pedersöre (Pietersaari), Raumo, Borgå og Vyborg. Attåt desse kjøpstadene vart det grunnlagt handelsstader uten privilegium.
Størstedelen av folkesetnaden budde på landet og levde av landbruk, mot vest i landsbyar, mot aust i form av svibruk. Ved kystane både ut mot Bottenvika og Finskebukta og ved innsjøar og elver spelte fiskeri likeeins ei viktig rolle.
Maktpolitisk fekk både kontinuerlege konfliktar mellom Danmark og Sverige i Kalmarunionen og len gjeve til den svenske makteliten tyding for den vedvarande uroa i landet gjennom heile mellomalderen, og etter at Moskva la under seg Novgorod, kom det til nye konfliktar med Russland. Reformasjonen skjedde glidande, men munkane unngjekk ikkje fordriving frå dei finske klostera sine. I 1554 vart det tidlegare samla stiftet delt, og Paul Juusten vart biskop i det nyoppretta Vyborg stift 1554-1563.
Bakgrunn: krosstogstida mini|Kart over svenskane sitt første (raudt), andre (grønt) og tredje (blått) krosstog til sørfinske område. Finland låg i den tidlege mellomalderen mellom to av dei viktigaste handelsmaktene i Nord-Europa, Sverige og Novgorod. Ein viktig handelsveg kryssa Austersjøen via Åland og den verna kystskjergarden og følgde den nordlege sida av Finskebukta fram til munningen av Neva og vidare til Ladoga. Finnane deltok ikkje sjølv i handelsreisene, men handla med pelsverk. Det låg i både Sverige og Novgorod si interesse å kontrollera dette området. På grunn av at busetnaden var spreidd oppstod det ingen politisk organisasjon i Finland som kunne motverka dette.
Den katolske kyrkje hadde komme til Svealand på 800-talet, og den religiøse omvendinga vart fullført på 1000-talet. Finlands første kontaktar med kristendomen kom likevel austfrå, noko som kjem tydeleg fram ved at sentrale kristne omgrep på finsk er slaviske lånord.Heikkilä, s. 457 Men snart vart påverknaden frå vest sterkare. Overgangen til ein ny gravleggingsmåte fann stad på Åland kring år 1000, i Egentliga Finland og i Tavastland mellom 1150 og 1200 og i Karelen så seint som kring år 1300. Befolkninga i Finland kan likeeins ha komme i kontakt med kristendommen gjennom handel med Gotland.
Kva tid brotet mellom den svenske vikingtidsbusetnaden i Russland og Sverige fann stad er uklart. I 1054 skjedde brotet mellom den katolske og den ortodokse kyrkja, eit russisk åtak på ein svensk flåte på 60 skip på veg til Novgorod skjedde i 1142, og same år herja ifølge russiske annalar ein gjeng tavastarar sørbreidda av Ladoga, mens karelearar det følgjande året gjorde åtak på Tavastland, og finnar herja den svenske kysten.Hornborg (1928), s. 547Hornborg (1928), s. 548
Første krosstoget mini|Erik den heilage og biskop Henrik. Der finst ei overlevering om at den svenske kongen Erik den heilage organiserte eit felttog til Finland i andre halvdel av 1150-talet. Opplysingane om dette er svært knappe. Dei fortel at den svenske kongen i 1157 samla ein hær og drog til Finland. Ifølgje tradisjonen baud han dei heidenske finnane å ta imot kristendomen, og då dette vart avvist, overvann han dei i eit stort slag, og deretter vart finnane døypte med tvang.Yrjö-Koskinen, s. 29 Erik vende deretter heim, men sette biskop Henrik til å ordna med kyrkjelege tilhøve for finnane. Denne overleveringa finst nedskriven frå 1270-åra. I følgje finsk folketradisjon var Henrik engelskmann og biskop i Uppsala. Han byrja med å døypa dei overlevande heidningane i Kuppis kjelde i Åbo. Allereie under den første vinteren sin i Finland vart Henrik i følgje kjeldene slått ihel av ein av dei døypte, Lalli, på den isdekte Kjulomyra.Heikkilä, s. 464Edgren, Törnblom (1993), s. 286-288 I 1164 drog svenskane ifølge russiske krøniker med 55 skip på herjingstog mot byen Staraja Ladoga ved munningen til Volkov-elva i Ladoga, som høyrde under Novgorod.Yrjö-Koskinen, s. 30Hornborg (1928), s. 549
Både tyske og danske flåtar var verksame i området, og svenskane innsåg at dei måtte forsterka grepet for ikkje å mista kontrollen med Finland. Den danske kongen Knud VI la under seg det nordlege Estland ved eit krosstog i 1196, og attåt dette retta han ein del av verksemda si mot Finland både i 1191 og i 1202.Lind et al., s. 206Lind et al., s. 158
I samsvar med ein paveleg bulle utferda av pave Innocens III i 1216 hadde den svenske kongen Knut Eriksson organisert fleire felttog for å styrke svenskane si stilling i Finland.Heikkilä, s. 446f Sverige og Novgorod var ikkje dei einaste maktene som hadde interesser i området. Ifølgje danske annalar drog danskane i 1191 i krosstog til Finland, og det er òg opplysingar om eit fornya dansk forsøk på å erobra Finland i 1202.Lind et al., s. 158 Den danske kongen Knud VI stod i spissen for eit krosstog til Estland i 1196, og dette landet kom på danske hender.Lind et al., s. 206 Russiske kjøpmenn vart overfalne av gotlendingar i 1188. Tyskarane si rolle for handelen over Austersjøen voks likeeins, etter at byen Lübeck vart grunnlagt i 1140-åra.Edgren, Törnblom (1993), s. 291-293
Den svenske kongen Erik Knutsson fekk paven si velsigning til at Finland uttrykkeleg skulle vera eit svensk misjonsområde. Svenskane hadde endå ingen innverknad i det fjerntliggande Karelen, og fyrst Jaroslav av Novgorod gjennomførte eit krosstog i Tavastland i vinteren 1226-1227 for å omvenda innbyggjarane til den ortodokse trua. Tavastlendingane på si side herja Karelen året etter.Edgren, Törnblom (1993), s. 293
Pave Gregor IX erklærte i 1229 eit apostolisk vern over Finland og påbaud dessutan ein handelsblokade mot Novgorod.Hornborg (1928), s. 549Heikkilä, s. 461 I Tavastland byrja eit opprør mot den kristne misjonen vinteren 1236-1237, kanskje med støtte frå Novgorod eller Karelen.Yrjö-Koskinen, s. 37 I desember 1237 utferdiga paven ein krosstogsbulle som retta seg mot dette opprøret av «heidningar».Hornborg (1928), s. 550Edgren, Törnblom (1993), s. 293-295
I følgje Novgorodkrønika invaderte ein skandinavisk hær munningen av Neva i 1240. Den novgorodiske fyrsten Aleksandr gjekk til motåtak, og slaget vart innleitt om morgonen den 15. juli 1240. Ifølgje krønika leid skandinavane store tap og trekte seg tilbake.The Chronicle of Novgorod, s. 85
Det andre krosstoget mini|Birger jarl attgjeven i Varnhem klosterkyrkje. I følgje Erikskrønika, nedteikna kring år 1330, fann det andre svenske krosstoget stad i 1249.Weibull, s. 13 Leia av Birger jarl gjekk svenskane til åtak på Tavastland heilt fram til Karelen. Birger jarl måtte likevel venda attende til Sverige, fordi kong Erik døydde i 1250. Dateringa er problematisk, og ein teori er at krosstoget fann stad i samband med opprøret til tavastlendingane 10 år tidlegare. For dette talar at svenskane ikkje skulle ha kunna organisera eit krigstokt til Finland 1249-1250, fordi landet då var i ein alvorleg krise med Noreg. Somrane 1248 og 1249 vart svenskane møtt av nordmennene ved Göta älv. Kong Erik døydde i februar 1250, og Birger jarl fekk sonen sin Valdemar vald til konge. Dette tronvalet vekte stor motstand som ikkje vart overvunnen før i 1251. Etter denne teorien er det meir sannsynleg at det andre krosstoget skjedde i anten 1238, eller snarare i 1239.Heikkilä, s. 438Gallén (1946/1968), s. 87-102 At opprøret vart slått ned kan sjåast som ein føresetnad for å gjennomføra åtaket på Neva-området i 1240.Edgren, Törnblom (1993), s. 295-296 Det er påfallande at i dette krosstoget i 1240 deltok finnar og tavastarar.Heikkilä, s. 459 Seinare, i 1249, angreip Birger jarl tavastlendingane, og etter at ha sigra over dei grunnla svenskane ei festning, Tavastehus, for å kunne halde på kontrollen.Yrjö-Koskinen, s. 39Yrjö-Koskinen, s. 40 Dei eldste delane av Tavastehus er daterte til 1260-åra, men det er meir sannsynleg at brorparten av slottet er oppført samtidig med Åbo slott, dvs. kring 1280. Dei eldste skriftlege belegga for ein fut i Tavastland er frå 1297.Edgren, Törnblom (1993), s. 328
Den svenske kontrollen med Finland vart understreka med bygging av borger, og kong Magnus Ladulås utnemnde i 1284 bror sin Bengt til hertug av Finland.Yrjö-Koskinen, s. 43"Bengt, biskop i Linköping 1286–91" (i: Nordisk Familjebok, 188-talsutgåvan bind 2 (1878), sp. 218 Frå byrjinga av 1250-talet, kanskje tidlegare, vart det innleidd ei svensk kolonisering langs Nyland og austkysten av Bottenvika.Luukko, sp. 660
Det tredje krosstoget mini|Russisk kopi av Nöteborg-avtalen. I løpet av dei siste tiåra av 1200-talet fortsette krigen mellom Novgorod og Sverige. I 1292 gjekk Novgorod til angrep på Tavastland.Yrjö-Koskinen, s. 44Hornborg (1928), s. 551 Seinare same år gjekk svenske troppar til angrep på Karelen og Ingermanland. Året etter samla regenten til sveane Torgils Knutsson ein stor leidangsflåte som gjekk til angrep på handelsplassen Soumenvedenpohja i Karelen, og oppførte ei borg med namnet Vyborg.Hornborg (1928), s. 551fYrjö-Koskinen, s. 45Hornborg (1928), s. 552 Den svenske leidangsflåten segla ifølgje krøniken heim hausten 1293. Neste vår, den 30. mars 1294, vart Vyborg festning angripen av novgorodarane, anført av fyrsten Roman Glebovitsj av Smolensk. Festninga var bygd på ein holme og vart for vanskeleg å innta då isen rundt om smelta. Seinare same år vende den svenske flåten attende, og svenskane gjekk til åtak mot trefestninga Kexholm, som vart erobra. Tidleg i 1295 angreip novgorodarane Kexholm, og berre to av forsvararane slapp unna. For svenskane var krigstoktet til Karelen ein stor siger, då dei med festninga Vyborg som base no kunne ta kontroll over det vestlege Karelen.Hornborg (1964), s. 37-38
Våren 1300 samla Torgils Knutsson ein stor flåte, som ankra opp ved elva utløpet av Neva i Finskebukta.Gallén, sp. 648 Der byrja svenskane å oppføra ei festning på ein landtange mellom Neva og Okhta. Festninga fekk namnet Landskrona.Yrjö-Koskinen, s. 46 Innan kort tid vart festninga likevel angripe, sannsynlegvis av novgorodar, men åtaka mislukkast. På hausten let svenskane berre ein liten styrke vere att i Landskrona, og då troppar frå Novgorod på nytt angreip den 19. mai 1301, lukkast dei i å erobra festninga.Yrjö-Koskinen, s. 47Hornborg (1964), s. 39
Freden i Nöteborg og den finske grensa