«Family Man» er ein poprocksong skriven av Mike Oldfield, Tim Cross, Rick Fenn, Mike Frye, Morris Pert og Maggie Reilly. Han vart ein hit i 1982 for Mike Oldfield med Maggie Reilly som vokalist. Hall & Oates fekk suksess med songen eit år seinare. I 2009 spelte Maggie Reilly inn ein annan versjon av songen for soloalbumet hennar, Looking Back Moving Forward.
Mike Oldfield-versjonen Songen vart først spelt inn og gjeven ut på singel av Mike Oldfield i 1982 på Virgin Records. Singelen var henta frå albumet Five Miles Out, med vokal av Maggie Reilly.
Salslister Liste (1982)PlasseringCanadian Hot 10029UK Singles Chart45
Hall & Oates-versjonen
Den amerikanske duoenHall & Oates spelte inn «Family Man» for albumet H2O og gav han ut på singel. Denne nådde sjetteplassen på US Hot 100 i juni 1983. Versjonen deira av songen har noko anna tekst.
Salslister Liste (1983)Plassering Årsliste (1983) RangeringUS Top Pop Singles (Billboard)67
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Family Man (Mike Oldfield song)» frå , den 29. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:Mike Oldfield-songar Kategori:Hall & Oates-songar Kategori:Maggie Reilly-songar Kategori:Songar skrivne av Maggie Reilly Kategori:Songar skrivne av Mike Oldfield Kategori:Virgin Records-singlar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar om prostitusjon