The Grand Illusion er det sjuande studioalbumet til Styx. Plata vart spelt inn i Paragon Recording Studios i Chicago, og kom ut 7. juli 1977 og selte over tre millionar eksemplar i USA. Albumet vart gjennombrotet til bandet og inneheldt hitsinglane «Come Sail Away» and «Fooling Yourself.»
Bakgrunn og songar Som med mykje av katalogen til Styx, har mange av songane dels mellomalderske og fantasy-tekstar og tema. Somme er allegoriar og kommentarar om det moderne livet i Amerika og erfaringane til medlemmane i eit amerikansk rockeband i siste halvdel av 1970-åra, som «Castle Walls», «Superstars», «Miss America» og tittelsporet.
Songen «Man in the Wilderness» var skriven av Tommy Shaw etter han hadde sett Kansas spele i Detroit, der dei hadde vore oppvarmingsband. Han sa: «Det var episk! I motsetnad til andre presentasjonar av rockemusikk eg hadde sett. Å gå ut så stort opna alle slags idear i hovudet mitt, og neste gongen eg var aleine med den akustiske gitaren min, berre fall denne songen meir eller mindre ut av seg sjølv.».
«Come Sail Away» nyttar segling som ein metafor for å oppnå draumane sine og lengselen etter å segle bort. DeYoung avslørte i In the Studio with Redbeard (som omhandla innspelinga av The Grand Illusion), om at han var deprimert då han skreiv songen etter at dei første to Styx-albuma på A&M, Equinox og Crystal Ball, selde langt mindre enn venta etter suksessen dei hadde hatt med singelen «Lady».
«Fooling Yourself (The Angry Young Man)» var skriven av Shaw. Songen var opphavleg basert på korleis Shaw såg på DeYoung som ein «sint, ung mann» som såg på suksessen til gruppa med eit skeptisk auge som vart sint eller deprimert med kvart tilbakeslag.
Avslutningssporet «The Grand Finale» kombinerer tema frå dei andre songane på albumet.
Innhald
Medverkande Styx Dennis DeYoung – vokal, klaverinstrument Tommy Shaw – vokal, elektrisk og akustisk gitar James «JY» Young – vokal, elektrisk gitar, synthesizer på «Come Sail Away» Chuck Panozzo – bassgitar John Panozzo – trommer, perkusjon
Produksjon Barry Mraz – produksjonsassistent, lydteknikar Rob Kingsland – lydteknikar Mastering av Mike Reese i Mastering Lab, Los Angeles Roland Young – kunstnarisk leiar Jim McCrary – fotografi Chuck Beeson – albumdesign Kelly and Mouse – måleri
Salslister Album Liste (1977)PlasseringU.S. Billboard 2006
Singlar TittelListe (1977)Plassering«Come Sail Away»U.S. Billboard Hot 1008«Fooling Yourself (The Angry Young Man)»29
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Grand Illusion» frå , den 5. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:A&M Records-album Kategori:Styx-album